Hopp til innhold

Trur Emil Gukild er Draken – Dette svarer han

I den nye episoden av Maskorama-podkasten er det mykje som peiker på at det må vere sportsjournalist Emil Gukild som er Draken. Men kva seier han sjølv?

Emil Gukil om Draken

DRAKEN?: Er Emil Gukild med i årets Maskorama?

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

– Nå er det nesten så eg sjølv byrjar å tru at det er meg, seier Emil Gukild lurt.

Saman med modell, skodespelar og forfattar Tinashe Williamson er han gjest i torsdagens episode av Maskorama-podkasten.

Der skal dei finne ut av kven som er i dei attverande maskene i det som er haustens villaste gjetteleik. I tillegg kjem det eit nytt hint frå Bamsen.

Lite visste Gukild at han kom til å bli nemnt som potensiell kandidat – ikkje som Bamsen, men som Draken.

Et nytt eksklusivt hint blir levert og det skremmer vettet av Emil Gukild som er gjest. Hør også hva Abid Raja sier når Tinashe Williamson ber han ta en trall.

Et nytt eksklusivt hint blir levert og det skremmer vettet av Emil Gukild som er gjest. Hør også hva Abid Raja sier når Tinashe Williamson ber han ta en trall.

Gukilds hemmelege dobbeltliv?

Det er nemleg lyttar Heidi som er på sporet av Emil Gukilds moglege dobbeltliv som Draken. Ho har sendt ein e-post med oppsummering av hinta.

– Grotta er Emils studio. Comebacket er fordi han har drive «studentmoro og standup» der han har sunge, gjengir programleiar Sarah Natasha Melbye.

– Hinta viser til at han har gjort show før, og Emil har hatt show på Parkteatret, tilføyer ho og er undrande til om det faktisk stemmer.

På det svarer Gukild:

– Ja, alt stemmer. Men showet var på Parkteatret i Moss da, understrekar han og ler.

Vinterstudio 2020/21

STUDIO: Emil Gukild har vore sentral i NRKs vintersendingar. Her saman med kollega Ida Rasch.

Foto: Ole Kaland / NRK

Som Draken har han reist verda rundt

Lyttar Heidi legg vidare vekt på at Gukild har reist verda rundt som sportsreporter. Vidare viser egget til Draken at han har vore med på rekordforsøk i eggknusing med hovudet.

– Det stemmer. Det var eit verdsrekordforsøk i Moss i 2012, konstaterer mossingen.

Ho nemner vidare at sløyfa på brystet til Draken viser til 17. mai-sløyfa då Gukild var programleiar for 17. mai-sendinga frå Skaugum.

Falken i bakgrunnen viser til at Gukild ei stund var ved Forsvarets flygeskole.

Uke 32: Emil Gukild og Selma Ibrahim

SOMMERSKUTA: Gukild er ein allsidig journalist og var også programleiar på årets Sommerskuta. Her med kollega Selma Ibrahim.

Foto: Silje Katrine Robinson / NRK

– Eg elskar merksemd!

Han bekreftar at dette stemmer, og legg til at han også har fått meldingar frå kollegaer og venar om dette:

– Grunnen til at eg fekk meldingar etter fyrste sending var på grunn av sjakkbrettet som vart vist, og eg har dekka sjakk, fortel han.

Han innrømmer at han likar spekulasjonane.

– Eg elskar merksemd! seier han og ler.

– Det skulle gjerne ha vore meg, men dessverre ... Eg trur det er Victor Sotberg.

Hele Norges «avatar», Victor Sotberg.

VICTOR SOTBERG: Mange trur at Draken kan vere Victor Sotberg, programleiar i FlippKlipp.

Foto: David Dundas Brandt / NRK

Henrik Thodesen og nytt hint

Ingen blir heilt klok på kven Draken kan vere, men både Victor Sotberg og Henrik Thodesen er personane dei diskuterer om i episoden.

Tinashe Williamson, som kjenner Thodesen godt, trur han kan vere Draken.

– Han er veldig musikalsk og flink til å synge, seier ho og legg til at nær familie trur det same:

– Ein av foreldra hans hadde til og med sagt at «ein kjenner jo igjen stemma til sonen sin». Og det er jo vanskeleg å krangle på det.

Premierefest på Norske Fordommer

TRIO: Henrik Thodesen, Odd Magnus Williamson og Tinashe Wiliamson er gode venar. Her frå premierefesten til «Norske fordommar» i 2015.

Foto: NRK P / NRK P3

Men det dukka også opp eit nytt hint.

«Sommer har gått»

Denne gongen var det Bamsen som har levert eit kort med teksten:

«Sommeren har kommet. Sommer har gått. Men Gud har gitt oss jordbær, og det er ganske rått.»

I tillegg ringer dei Abid Raja og Trine Rein som dei trur er Nissen og Nøkken. Finn ut kva Venstre-politikaren og artisten svarer her.

Abid Raja

NISSEN?: Er Abid Raja nissen?

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK
  • Høyr meir om hinta dei går gjennom om kva dei kjem fram til i episoden.

Kulturstrøm

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.