Årsaka er at skodespelarane i musikalen kom med ei klar oppmoding til den komande visepresidenten Mike Pence, som var i salen.
Pence tok fredag med seg dottera til Broadway i New York for å sjå hip-hop-musikalen «Hamilton».
Broadway-stykket, som hadde premiere i fjor, har blitt ein enorm suksess og har hausta fleire prisar, deriblant 11 Tony prisar. Stykket handlar om livet til ein av USAs grunnlovsfedrar, Alexander Hamilton, som vaks opp utan foreldre.
Då stykket var ferdig og Mike Pence var på veg ut av salen, samla ensemblet seg på scenen, og skodespelar Brandon Victor Dixon bad visepresidenten stoppe opp og høyre meldinga dei hadde til han.
– Vi er mangfaldige amerikanarar som er skremt og engstelege for at din nye administrasjon ikkje vil beskytte oss, planeten vår, barna våre og våre foreldre, sa Dixon til stigande applaus.
– Vi håper dette stykket har inspirert deg til å vareta våre amerikanske verdiar og at du vil jobbe på vegner av oss alle, avslutta Dixon.
Trump irritert
På Twitter gjer Donald Trump det klart kva han meiner om skodespelarane sin oppførsel mot Pence, og oppmodar dei til å be om unnskyldning for oppførselen.
Musikar Steven Van Zandt er blant mange som har engasjert seg i saka. Han meiner det var svært upassande av skodespelarane å kome med eit slikt utsegn.
– Boikott Hamilton
Under emneknaggen #BoycottHamilton på Twitter, oppmodar nå ei rekke personar til boikott av musikalen Hamilton.