Hopp til innhold

– Trump har gjort det vanskeleg for seg sjølv

Donald Trump har knapt delteke i talkshow den siste månaden. – Han har mista ein av dei viktigaste arenaene for å nå veljarar, meiner ekspert.

USA-ELECTION/TRUMP-FALLON

Den kontroversielle stilen til Donald Trump kan ha gjort det vanskeleg å invitere han til amerikanske talkshow. The Tonight show med Jimmy Fallon er eit unntak.

Foto: HANDOUT / Reuters

Henrik Heldal

Presidentkandidatane når ut til mange gjennom humorprogram, seier Henrik Heldal ved nettstaden amerikanskpolitikk.no

Foto: amerikanskpolitikk.no

Underhaldningsprogram har sidan 90-talet vore ein viktig arena i den amerikanske presidentvalkampen. Programma har ofte betre sjåartal enn nyheitene, og andre sjåarar. Ved å stille opp i desse programma, kjem presidentkandidatane i kontakt med store veljargrupper dei elles kanskje ikkje ville møtt.

– Kandidatane får gratis reklame ved å stille opp i slike program. Dei kan vise nye sider av seg sjølv, og når ut til mange, seier Henrik Østensen Heldahl frå nettstaden amerikanskpolitikk.no.

Unngår Trump

Ketil Raknes

Ketil Raknes trur amerikanske talkshow skyr Trump på grunn av dei kontroversielle utspela hans.

Foto: Pressefoto

Ein annan grunn til at kandidatane ofte stiller opp i underhaldningsprogram, er at desse programma ofte har ei snillare form med mindre konfrontasjon. Men etter fleire kontroversielle utspel, og den mykje omtalte videoen der han skryter over at han kjenner på kvinner han møter, har han gjort det vanskeleg for seg sjølv å bli invitert til slike show, meiner høgskulelektor Ketil Raknes ved Høyskolen Kristiania, som også følger USA-valet tett:

– Det vil vere vanskeleg å invitere Trump til eit talkshow utan å konfrontere han med dei kontroversielle tinga. Ein vert som hadde gjort det, hadde fått massiv kritikk om han hadde unngått dei vanskelege tema. Trump har difor langt på veg sagt frå seg ein viktig arena for veljarkontakt.

I september gjesta Donald Trump talkshowverten Jimmy Fallon. I etterkant fekk Fallon kritikk for ikkje å ha stilt kritiske spørsmål, og for at han rufsa til håret til Trump:

I tillegg medverka Trump i ein sketsj:

Clinton starta trenden

Bill Clinton endra amerikansk valkamp då han i 1992 spelte saksofon og blei intervjua i talkshowet til Arsenio Hall. Det var få som meinte guvernøren frå Arkansas hadde særleg sjanse til å i valkampen. Men etter programmet gjorde den sjarmerande Clinton det langt betre på meiningsmålingane.

Og no er det Hillary Clinton som stiller på dei mange underhaldningsprogramma på nett og tv. Som då ho nyleg gjesta Ellen:

Ho har også gjesta showet til Jimmy Fallon like etter at ho måtte avbryte 11. september-markeringa i New York på grunn av sjukdom:

Tidlegare var ho også med i ein sketsj i humorprogrammet Saturday Night Live, der ho spelte bartender i ein sketsj.

Meiningsmålingane viser at begge dei to presidentkandidatane er dei mest mislikte kandidatane nokon sinne. Ved å delta i humorprogram, prøver dei å setje seg sjølve i eit betre lys.

– Slik valkampen har blitt no, blir det stadig viktigare for Clinton å vise seg fram som ein kandidat som også republikanarane som ikkje vil stemme Trump kan godta. Så får vi sjå kor godt ho lukkast med det, seier Raknes.

Les: Siste debatt i natt: Kan svekket Trump ødelegge nok for Clinton?

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.