Trump fekk gjennomgå under Emmy-utdeling

Presidentvalkampen USA fekk mykje merksemd under Emmy-utdelinga i natt. Det gjekk særleg ut over Donald Trump, som blant anna blei samanlikna med Hitler.

AWARDS-EMMYS/

«Transparent»-skapar Jill Soloway samanlikna Donald Trump med Hitler under Emmy-utdelinga i natt.

Foto: MIKE BLAKE / Reuters

Skal ein dømme etter Emmy-utdelinga i Los Angeles i natt, så er Hillary Clinton den av presidentkandidatane som har mest støtte i Hollywood. For det var stort sett Donald Trump som blei skyteskive for dei verbale sleivsparka.

Den som gjekk lengst i karakteristikkane var «Transparent»-skapar Jill Soloway, som samanlikna milliarderen med Hitler:

– Han er eit farleg monster, og kvar gang eg kan kalle Trump ein arvtakar til Hitler, skal eg gjere det, sa ho.

APTOPIX 2016 Primetime Emmy Awards - Show Julia Louis-Dreyfus

Julia Louis-Dreyfus vil bygge opp att muren mellom komedie og politikk, og la meksikanarane betale.

Foto: Chris Pizzello / Ap

Og ho heldt fram med å skyte mot Trump fordi ho meiner han rakkar ned på folk som er annleis:

– Han kallar kvinner som ikkje ser ut som deltakarar i misseshow for grisar, han gir muslimar og meksikanarar skulda for problema våre, og gjer narr av funksjonshemma.

Vil bygge mur

Julia Louis-Dreyfus spelar presiden i HBO-komedien «Veep». I natt henta ho sin femte strake Emmy-pris for rolla. Ho sa seg lei for det politiske klima som rår i USA for tida:

– Eg trur «Veep» har rive ned veggen mellom komedie og politikk, sa ho i takketalen sin.

AWARDS-EMMYS/

Emmy-vert Jimmy Kimmel gjorde også narr av Donald Trump.

Foto: MIKE BLAKE / Reuters

Og heldt fram:

– Showet vårt starta som politisk satire, men no ser det meir ut som ein dokumentar. Difor lovar eg at vi skal bygge opp att den veggen, og Mexico skal få betale for han.

«Veep»-produsent David Mandel slengde seg på og fyrte laus mot retorikken til Trump:

– Eg synest nivået på debattane i denne valkampen er grusomt. Det har vore eit sprøtt år for politikk.

– «Malaria»

US-ENTERTAINMENT-TELEVISION-EMMYS-SHOW

Talkshow-vert John Oliver sa at humor kan virke lindrande.

Foto: VALERIE MACON / Afp

Også Emmy-verten, Jimmy Kimmel, brukte valkampen som eit gjennomgangstema under utdeling. Han refererte blant anna til kona til Trump, Melania, som «Malaria»:

– Ville Trump ha stilt som presidentkandidat om det ikkje hadde vore for tv? Nei. Då ville han vore heime, og stille gnidd seg mot kona Malaria, som hadde latt som om ho sov.

Komikar John Oliver, som vann pris for showet «Last Week Tonight», sa USA treng humor slik det politiske klimaet er i landet no:

– Av og til kan det vere som ein lindrande salve i eit ope sår.

Men ikkje alle er samde med Oliver. På sosiale medium var det mange amerikanarar som reagerte på den einsidige vitsinga med Trump:

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Kulturstrøm

  • Fikk kirke i 175-årsgave

    Til 175 års-jubileet fikk Fortidsminneforeningen en av de eldste kirkene i Norge i gave fra Riksantikvaren: Mellomalderkirka Hove i Vik i Sogn og Fjordane. De siste årene har kirken blitt grundig restaurert, skriver Riksantikvaren i en pressemelding.

    Peter Andreas Blix sin dekor i Hove Kirke i Vik i Sogn og Fjordane
    Foto: Karen Thommesen / Riksantikvaren
  • Lord of the Rings blir TV-serie

    Amazon Studios bekrefter at de går i gang med tidenes dyreste TV-serie, «Lord of the Rings». I følge Herald on Sunday skal serien spilles inn på New Zealand, samme sted som filmene av samme navn. Og ifølge Variety er Will Poulter og Markella Kavenagh aktuelle i hovedroller. Rykter indikerer minst fem sesonger og et budsjett på mellom 10 og 15 milliarder kroner.

  • Kjønnsdelt Brit Awards likevel

    – Vi kan bekrefte 100 prosent at det vil bli mannlige og kvinnelige priskategorier både til de britiske og internasjonale kategoriene i februar 2020, sier Brit-arrangørene til BBC. De avkrefter altså overskriften i Sunday Times i helgen:« Aldri mer beste mannlige eller kvinnelige artist i Brits».