NRK sin kulturkommentator Agnes Moxnes fortel at bruk av norsk stein er eit stor tema:
– Det betyr mykje for mange at det blir brukt norsk stein fordi det er staten som skal bruke pengar og då tenkjer fleire at då er dette ressursbruk som kan kome norsk industri til gode. I tillegg så handlar mykje om identitet og at ein brukar materialer som har ei norsk tilknyting.
Spesifikk utlysing
Statsbygg kjem til å legge prosjektet ut på anbod innan EØS-området. Etter det NRK kjenner til så vil detaljane rundt kvaliteten og fargane på steinen vere så spesifikke at det vil gjere det veldig sannsynleg at det er norsk kvartsittskifer som vil bli brukt:
– Det betyr mykje at vi får vist fram at vi kan levere til eit slik prosjekt. Dette er viktig for steinindustrien på fleire måtar, seie Elisabeth Gammelsæter, generalsekretær i Norsk Bergindustri.
Rabalder
Det skal brukast 19.000 kvadratmeter med steinheller på fasaden av det nye Nasjonalmuseet. Kulturkommentator Moxnes minnes debatten rundt steinbruke av operaen i Oslo:
– Det var eit veldig rabalder rundt dette då operaen blei bygd med italiensk marmor. Enno så går folk på operaen og ser etter sprekkar eller om steinen har blitt gul, fortel Moxnes. Blant andre Senterpartiet argumenterte i si tid heftig for at det måtte brukas norsk stein når det skulle byggast norske offentlege signalbygg.
Les også: – Marmoren må truleg byttes ut
Les også: Pris var viktigare enn kvalitet
Les også: Italiensk marmor til operaen