Hopp til innhold

Trude har slått salsrekordar etter å ha blitt oppdaga på Instagram

Som 43-åring kom ikkje Trude Viken inn på Kunstakademiet. Nokre år seinare står ho for tidenes største sal frå ein nålevande norsk kunstnar.

Trude Viken

Trude Viken har jobba beinhardt for å komme dit ho er i dag. Og ho lykkast ikkje før kunsten blei fulltidsarbeid.

Foto: Privat

– Å vere kunstnar er ein kamp om å bli sett. Eg trur det er enklare å få innpass rundt omkring dersom ein har kunstutdanning og eit nettverk.

Trude Viken, som i dag er 52, har stått heilt åleine. Då ho byrja å jobbe som profesjonell kunstnar seint i 40-åra, fekk ho høyre at ein skal vere ung når ein lagar kunst. Ho hadde heller inga kunstutdanning.

– Eg er jo ein outsider, og ikkje har eg kunstakademiet. Eg føler eg må bevise noko heile tida for å få lov til vere på den norske kunstscenen.

Nokre år seinare – mykje takka vere Instagram – har ho slått norske salsrekordar.

Sjå NRK-programmet Kunstnerliv med Trude Viken her:

Trude Viken har satt salgsrekord med ubehagelige selvportrett. Og det hele startet med et maleri av Edvard Munch hun så i barndommen.

Trude Viken har sett salsrekord med ubehagelege sjølvportrett. Og det heile starta med eit måleri av Edvard Munch ho såg i barndommen.

For dårlege engelskkunnskap for kunstakademiet

Kunstnardraumen var sterk alt i barneåra. Jentungen, som vaks opp i Lødingen i Nordland, måla sjarkar og nordnorske motiv. Så kom tenåra og redselen for å skilje seg ut. Men draumen om å bli kunstnar forsvann aldri.

Då Trude Viken skulle velje utdanning var foreldra støttande, men dei var også opptekne av ei sikker framtid for dottera. Dermed blei det hjelpepleiarutdanning i staden for kunstakademiet.

Åra gjekk, ho gifta seg og fekk barn.

Først som 43-åring søkte ho kunstakademiet. Då ville ho gjere alvor av lidenskapen sin.

Men Trude Viken, som ikkje hadde hatt engelsk sidan vidaregåande, fekk avslag på søknaden. Nesten all undervisning var på engelsk og ho var ikkje god nok i språket, konkluderte dei. For kunsten ho laga fekk ho mykje skryt og bekrefting, men det helt altså ikkje.

Kunstnardraumen var så sterk at ho ikkje let seg knekke av ein avslått utdanningssøknad. Ho bretta opp ermane. Nå var det hardt arbeid som gjaldt.

Eit prosjekt ho starta i 2014 gjekk ut på at ho kvar dag måla eit sjølvportrett, som viste henne bak fasaden. Ho måla for seg sjølve. Og portretta blei fleire og fleire.

Trude Viken - sjølvportrett

Sjølvportrett henta frå serien «Dagboknotater».

Trude Viken - sjølvportrett

Sjølvportrett henta frå serien «Dagboknotater».

Trude Viken - sjølvportrett

Sjølvportrett henta frå serien «Dagboknotater».

Trude Viken - sjølvportrett

Sjølvportrett henta frå serien «Dagboknotater».

Fekk gjennombrot med Instagram

Så oppdaga Trude Viken noko som skulle endre livet hennar: Bildedelingstenesta Instagram.

Ho oppretta ein Instagram-profil, og la ut portretta sine der. Der kunne ho gøyme sin identitet og alder og la kunsten skine.

Mange oppdaga kunsten hennar gjennom Instagram. Den nådde utover Noregs grenser, og heilt til USA. Den amerikanske kunstnaren, mangemillionæren og kunstsamlaren, Richard Prince var blant dei som let seg fascinere.

For å illustrere kva storleik Prince er, så blei eit av bilda hans, Runaway Nurse, selt for nær 110 millionar kroner på Sotheby's i Hongkong tidlegare i år.

Prince sende ei personleg Instagram-melding til Trude Viken, men ho trudde det var tull.

Det sto; «Do you sell your paintings? Richard Prince.»

– Nå er det nokon som har fått med seg at eg syns Richard Prince er ein kjempekul kunstnar, sa eg til veninna mi. Nå driv dei å lurar meg til å tru at han er interessert i bileta mine. Og så lo vi godt og tenkte ikkje meir på det.

Men på sin eigen twitter-konto bekrefta Richard Prince si jakt på den norske kunstnaren.

Twitter-melding fra Richard Prince

Og kort tid etter kom det førespurnad frå galleriet Fortnight Institute i New York. Richard Prince hadde kontakta galleriet og oppmoda dei om å ta kontakt med Trude Viken. Galleriet kontakta henne og inviterte henne til ha solo-utstilling i galleriet.

Og slik gjekk det til at bilda hennar blei vist i New York før dei norske galleria i det heile teke hadde oppdaga ho. Nesten heile utstillinga vart utselt.

– Eg blei berre kasta uti det. Det er sånn som ikkje skjer, det var så fjernt. På utstillinga sto eg å prata med amerikanske kunstkjendisar som om det var heilt normalt. Eg klarte ikkje å ta det inn før eg hadde kome heim.

Trude Viken

Trude Viken blei invitert til Fortnight Institute i New York. Nesten heile solo-utstillinga blei utselt.

Foto: Privat

– Føler eg tek plassen til nokon andre

Tilbake i Noreg var det mange som etter kvart oppdaga Trude Viken på Instagram. Blant anna kunstnarisk leiar ved Vestfossen Kunstlaboratorium, Morten Viskum. Han blei oppmoda til å sjekke ut kunstnaren på bildedelingstenesta, noko han gjorde.

– Eg tenkte at det såg fint ut, men eg tenkte ikkje noko meir på det.

Inntil to år seinare, då Viskum besøkte atelieret til Trude Viken på Ekely i Oslo. Der fekk han ei heilt anna oppleving av kunsten hennar.

– Då eg såg måleria i verkelegheita tenkte eg at ho har vi lyst å vise på Vestfossen. Stort sett måler ho tjukt, og det er ikkje lett å få fram på foto. Det blir ein tredimensjonal effekt på dei og dei endrar seg etter kva vinkel du ser dei ifrå. Difor var opplevinga ei heilt anna i verkelegheita, seier Viskum.

Utstillinga «Night Eyes» opna på Vestfossen Kunstlaboratorium våren 2021. I motsetnad til den høge sjølvtilliten Trude Viken hadde kjend på i USA, var kjensla ei heilt anna for å stille ut i Noreg.

– Eg heldt på å døy av angst før utstillinga på Vestfossen. Det er så trongt om plassen i Noreg. Eg føler eg tek plassen til nokon andre. Og eg går rundt å lurer på om eg verkeleg fortener dette her, seier ho.

Richard Prince skreiv nokre ord om Trude Viken i høve utstillinga på Vestfossen Kunstlaboratorium:

«Med sine kraftfulle fargekombinasjonar har ho skildra eit utal sinnsstemningar, ein imponerande katalog over ansiktsuttrykk. Medan arbeida er ein personleg sjølvrefleksjon, er dei likevel allmennmenneskelege».

Kunstkritikar Lars Elton har følgt med på Trude Viken sidan 2015, og synest det har vore morosamt å sjå suksessen og utviklinga ho har hatt. Han meiner det som er spesielt med Viken er stemma hennar som blir spegla i det visuelle uttrykket.

– Ho lagar bilete som ikkje liknar på noko anna. Ho målar veldig ekspressivt, med tjukke lag. Det at ho målar så tjukt blir nærast ein eigen sjanger. Det biletspråket er så sterkt at det er berre å anerkjenne at dette er noko heilt unikt, forklarer kunstkritikaren.

Elton fortel at Viken i starten vart møtt med ein del skepsis frå norske kunstkritikarar på grunn av bakgrunnen hennar.

– Ho har ikkje gått på akademia, ho har ikkje den riktige bakgrunnen. Men etter at ho fekk den store utstillinga på Vestfossen no i sommar, så var det berre ein ting for kritikarane å gjere, og det var å leggje seg flate, seier Elton.

Trude Viken

Dette verket var utstilt i New York, og er ein mindre versjon av verket som sette salsrekord. Dette verket er sett saman av 100 portrett. Medan verket som var utstilt på Vestfossen kunstlaboratorium var sett saman av 259 sjølvportrett.

Foto: Anniken Madsen Viken

– Har ikkje lenger noko ho må bevise

I løpet av Vestfossen-utstillinga, som blei avslutta i haust, sette Trude Viken salsrekord.

Med salet av 259 sjølvportrett, som er sett saman til eit digert verk, står Viken for tidenes største sal av eit enkeltverk av ein nålevande norsk kunstnar. Hvis ein ser bort i fra bestillingsverk og utsmykningar, seier Viskum.

Kjøparen skal, ifølgje Morten Viskum, vere ein veldig kjend amerikansk kunstnar og kunstsamlar. Men identiteten til kjøparen og salssummen vil ikkje Viskum ut med.

Det største enkeltsalet før dette blir, ifølgje Dagsavisen, antatt å vere kunstsamlar og oljefondssjef, Nicolai Tangen sitt kjøp av Marianne Heske si «Gjerdeløa» for 2 millionar kroner i 2018.

Morten Viskum meiner at tida der Trude Viken har noko å bevise er forbi.

– For å seie det sånn, så hadde ho noko å bevise. Men i 2021 har ho ikkje det lenger. Det er vanleg å kjenne på den usikkerheita viss ein ikkje har den rette utdanninga, og det er vanskelegare å få det til. Det er mange andre som har klart det, men det er vanskelegare. Det ligg utruleg mykje arbeid bak det å komme så langt som ho har gjort.

Og det er ikkje langt unna sanninga. Trude Viken jobbar minimum 10 timar om dagen, kvar dag, inkludert laurdag og søndag. Ho teiknar i feriar og på hytteturar.

– Det er ikkje berre å sette i gang å begynne å poste på Instagram. Eg har heldt på heile livet med dette, og lykkast ikkje før det blei fulltidsarbeid. Eg hadde ikkje hatt sjangs til å jobbe så mykje når barna var små.

Trude Viken går ikkje lenger rundt og tenker at ho ikkje fortener all merksemda. Ho har blitt mykje tøffare. Men det at ho ikkje har kunstutdanning banker henne stadig på skuldra.

– Eg er lei meg for at eg ikkje søkte som ung. Eg skulle gjerne hatt den bakgrunnen. Kunnskap er makt og bygger opp sjølvtilliten. Det er mange gonger eg sit og tenker på kva eg har gått glipp av.

Rettelse 8. desember 2021: I ein tidlegare versjon av denne saka presiserte vi ikkje at Trude Viken sin salsrekord gjeld verk som er kjøpt frå utstilling. Rekorden inkluderer ikkje bestillingsverk eller utsmykningar.

I lenkene under finn du fleire saker og tv-program om kunst:

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)