Hopp til innhold

Trøtt og sliten?

Sommaren er over og mange kjenner seg slappe og trøtte, det meste er negativt. Slik er hausten.

Kvinne med kopp
Foto: Scanpix / SCANPIX

Slapp

Det er nok ikkje lurt å bli liggande i senga.

Foto: Scanpix / SCANPIX

Det har vore ein dårleg sommar dei fleste stadar i landet, og mange hadde nok satsa på ein sommar med sol og varme, og når sommaren då kom blei dei sittande fire veker innestengt i ei hytte med øsande regn. Då er det nok mange som har blitt skuffa og kanskje kjenner seg litt nedpå.

- Men eg trur vi stortsett greier å handtere ein regntung sommar, meiner lege Trude Fixdal.

Stort ord

Det er mange som kanskje vil seie at dei blir deprimert på hausten, men ordet haustdepresjon er kanskje litt for lett å bruke.

- Det fins ei diagnose som har med sesongdepresjonar å gjere, vinterdepresjon, og det er kriterier for det. Då er ein depremert, sover lenge, et mykje, øker ofte i vekt, har mange triste tankar, er energifattig, sjeldan i godt humør osv. Desse symptoma kjem om hausten og forsvinn i mars/april, forklarar Trude.

Gråvær.

Høsten kan vere tung og trist, men det er ikkje sikkert du er deprimert av den grunn.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Det er forskjell på "vanleg" depresjon og haustdepresjon.

- Det er to forskjellege ting. Dei fleste av oss er ikkje ordentleg deprimerte. Då denne diagnosa kom på 80-talet tenkte ein at det ville vere ei diagnose som mange i denne delen av verda har, fortel Trude.

Men slik var det altså ikkje.

- Ein islandsk psykiater som gjorde eit stort studie på Island fann ut at det var så lite som 3,8 % av befolkninga som hadde denne diagnosa. Dei som ikkje takla mørket flytta, og dei som blei igjen takla det bra.

Kun 10 %

Rundt 10 % av befolkninga er deprimert, og då er det snakk om mild depresjon og det er ikkje meir her enn i andre delar av verda.

Stearinlys varmer i mørket.

Stearinlys kan faktisk hjelpe mot depresjon, fortel lege Trude Fixdal.

Foto: Øystein Okkenhaug / NRK

Råd

- Vi går alle litt i dvale om hausten. Vår biologiske klokke blir påverka av lys. Nokre av oss blir litt trøttare og har ikkje så mykje energi, og det er heilt naturleg, forklarar Trude.

Men det er ein del ting ein kan gjere for å gjere hausten og vinteren litt lysare, eller i alle fall enklare fortel Trude.

- Ein kan gjere hygglege ting. Som å ete god mat, mosjon er fint, legge seg på same tid og stå opp igjen på same tid, ta pauser i kvardagen, tenne litt searinlys osv.

Lyslampe

Lyslampe kan fungere meiner Trude.

- Det er noko i det, den bør brukast om morgonen, og bruk kraftig nok lys.

Nett-TV: Sjå innslaget i Frokost-TV

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.