Trondheims cellist Jorunn Dugstad
Haugesund-laget: Arnstein Olaisen, Randi Ofstad, Paal Thorkildsen. Foto: Gisle Jørgensen.
hadde derimot spelt verket, og fann både komponist og opusnummer ved å mane fram noteomslaget i minnet.
Orgelmusikk var heller ikkje ukjend for laga, sjølv om preludiet frå Francks Prelude, Fugue et Variations var vanskeleg å tidfeste. Vivaldis Concerto Grosso frå L’Estro Armonico var greitt stoff for båe lag, men NTNU-rektor Eivind Hiis Hauge helst ville ringe Vivaldi-tilhengar Gudmund Hernes for å få tittelen på samlinga.
Begge lag fekk full pott på siste spørmål, frå Puccinis Manon Lescaut, men trøndarane vann nok ein gong på spontanitet, og vann 2 poeng i kvar av kortoppgåvene. Sluttstillinga var 25-20.
Kor er favorittstempelet?
Sjette runden av Nøtteknekkeren er tilbakelagt, og det skulle etter kvart vere mogeleg å peike ut nokre favorittar. Det jamnt høge nivået gjer det likevel vanskeleg. Trondheim tapte for Bodø forrige gang dei var i elden, men vann altså over Haugesund. Ved siste opptreden i Nøtteknekkeren vann Haugesund over Hamar.
Bergen har allereie to sigrar bak seg, men enno har ikkje alle laga vore i elden for andre gong, så det ser ut som favorittstempelet må liggje i skuffen ein stund til.
Ikkje berre sindige
Fleire av lagmedlemmene hadde dessutan erfart å få tilbakemeldingar frå dels uventa hald etter deltakinga i Nøtteknekkeren. Myten om at tilhengarar av klassisk musikk er sindige folk, må òg revurderast.
Haugesunds Arnstein Olaisen kunne fortelje om så lidenskapleg interesse blant kjenningar, at gjekk på inventaret laus under siste sending. Kanskje er det fleire som er ”skap-interesserte” i klassisk musikk her i landet?
Harstad møter Kristiansand i sjuande runde, tysdag 15. mars!