Hopp til innhold

Trollet er avslørt: – Var så nervøs at eg er klissblaut inne i drakta

Endeleg har det norske folk fått sanninga. Trollet er Ulrikke Brandstorp, Elgen viser seg å vere Markus Bailey og Herman Dahl er avslørt som Vikingen.

Vinnaren av Maskorama er Trollet, som nå er avslørt som Ulrikke Brandstorp .

– Dette kjennest kjemperart ut, seier Brandstorp.

Eg var så nervøs at eg er klissblaut inne i drakta, fortset ho.

Ho synest det er herleg at maska skal av, men også litt trist.

– Det har vore ein dag som har vore trist, det er siste gong eg skal snikast inn i dette bygget, men også fyrste og siste gong maska skal av, så det har vore ei rar oppleving, men utruleg gøy.

Ulrikke rørt etter finalen

Ulrikke er rørt etter finalen.

Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

Dei siste vekene har vore rare fortel ho vidare, for ho hatar å lyge. Dessutan har det vore utfordrande å vere inne i kostymet.

– Den første veka ringde eg til produksjonsteamet og ropte «eg må ha oksygen her inne».

Ho seier det har vore ekstremt stas å få alle dei positive tilbakemeldingane ho har fått frå sjåarane.

– Og så har det vore rart å vere på TV på direkte og prøve å overtyde det norske folket om at det ikkje er meg som er Trollet, men det har jo gått ganske greitt.

Ulrikke etter Maskorama-finalen

Ulrikke kan endeleg lette på antrekket etter Maskorama-finalen.

Foto: Heather Ørbeck Eliassen / NRK

Jan Thomas er i alle fall i hundre over at historias fyrste vinnar av Maskorama nå er ute av sekken. Eller Trollet om du vil.

– Kjære Ulrikke du må seie ifrå når du skal synge. Eg kjem. Og kan du ikkje synge «Fångad av ei stormvind» igjen, seier Jan Thomas.

– Du laug til meg òg

– Å, det var deileg. Det var godt.

– Det skal bli deileg å ikkje skulle lyge. For eg har tydelegvis verdas mest gjennomsiktige kroppsspråk, seier han.

Elgen var den andre som måtte avsløre seg. Det var Markus Bailey som skjulte seg inni han. Programleiaren fortel at han har sete og spelt PlayStation dei siste vekene for å ikkje avsløre seg.

– Eg har prøvd å seie at det er Jon Carew heile tida, fordi eg var så fan av han då eg var mindre. Men ingen har trudd på det, ingen har trudd på noko eg har sagt, seier Bailey.

Han trudde hintet om at han likte og danse ville røpe han. Men det som overraska han mest er at folk skjønte framferda hans i Blå, som er eit Pixar/Disney hint:

– At folk skjønte det, er bra gjort. Så folk er veldig flinke, seier han.

Det kom også fram at Bailey og Jan Thomas har møtt kvarandre i ei anna samanheng mens Maskorama har vore på lufta.

– Eg spurde deg jo! Du laug til meg òg, sa Jan Thomas.

– For eit eventyr

Herman Dahl var den som skjulte seg bak Vikingen.

– For eit eventyr. Veldig gøy, det har vore rein magi.

Han fortel at det har vore vanskeleg å halde det skjult for venar og familie.

– Det er den største løyndommen min som eg nokon gong har halde. Det har vore vanskeleg, så no gler eg meg til å kunne fortelje det til alt av venner og familie.

Vidare fortel han at då han var mindre drøymde han om å vere Justin Bieber.

Herman Dahl

Herman Dahl er Vikingen

Foto: Heather Ørbeck / NRK

– Så det at eg fekk gjort det føre nesten ein million sjåarar er heilt vilt. Det hadde aldri ti år gamle Herman tenkt seg.

Han trekker blant anna fram duetten med Ulrikke som eit av dei beste minna i løpet av programmet.

– Det var veldig spesiell, og gøy å få vere med.

37 % av det norske folket tippa at det var Herman Dahl.

– Det er full fest oppi hovudet mitt

Det var knallopning på sesongens siste Maskorama-sending.

Alle dei tidlege deltakarane var med på scena og framfører «The Greatest Show».

Nicolay Ramm, Jan Thomas og Marion Ravn som er årets detektivar har fått på seg finstasen til kveldens anledning.

– Det er full fest oppi hovudet mitt, seier Jan Thomas.

alle deltakare maskorama på scena
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Her ser du framføringane og reaksjonane:

Gullfinale

1. Elgen – I'm too Sexy for My Shirt (Right Said Fred)

Elgen hintar om at songen var populær heilt tilbake då han var født. Songen kom ut i 1991. Er det eit hint på Elgens fødselsdag?

– Eg trur Markus Bailey er født på tidleg 90-talet, undrar Marion Ravn.

– Dette må vere Markus Bailey, seier Nicolay Ramm.

2. Trollet – I'll be There for You (The Rembrandts)

Trollet har også vald ein song frå då ho kom til verda, nemleg 1995.

– Eg heldte på å byrje å grine, seier detektiv Ramm.

Detektivane er ikkje samstemte og tippar på at Trollet er Ulrikke Brandstorp, Lisa Børud og Ingeborg Walther.

Finale

1. Elgen – Gold Digger, (Kanye West)

– Eg er oppteken av rettferd, og at vi skal behandle kvarandre bra, seier Elgen før fyrste framføring.

– Sinnssjukt bra, utbrytar Jan Thomas.

– Eg har tenkt på eit nytt namn. Er det Jarle Bernhoft? spør Marion Ravn.

Etter framføringa viste Elgen fram hint backstage, der det dukka opp eit puslespel av verda og namnet Nico med strek over. Og ei høne og ein sau.

– Kan dette vere Vinz i Nico og Vinz? spør Ramm.

Jan Thomas trur det er Jan Gunnar Solli, Marion Ravn tippar John Carew og Ramm gjettar at det er Vincent Dery.

2. Vikingen – Fy Faen (Hkeem)

– Det var sart og sjelfullt, det var heilt rått, seier Ramm.

Også Vikingen viser fram hint bak scena. Blant anna ei tekstmelding frå Vidar.

– Kan det vere Vidar Villa, spør Jan Thomas.

Men Jan Thomas endrar seg og seier Herman Dahl. Medan Ravn og Ramm gjettar at det er Victor Sotberg.

3. Trollet – Higher Love (Kygo, Whitney Houston)

– Har eg klart meg eller har den ekte dialekten min gloppe igjennom? spør Trollet seg sjølv før framføringa, og kjem derfor med eit nytt hint.

– Det her er betre enn Whitney Houston, seier Ramm.

Bak scena viser Trollet blant anna fram Pepsi Max. Marion Ravn minner om at Julie Bergan likar Pepsi Max.

– Eg gjev meg ikkje på Ulrikke Brandstorp eg altså, seier ho likevel.

Jan Thomas derimot seier Ingeborg Walther og Ramm gjettar at det er musikalstjerna Heidi Ruud Ellingsen som er Trollet.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)