Hopp til innhold

«Trolljegeren» slår «Max Manus»

Allereie før ein einaste kinobillett er selt er «Trolljegeren» ein større økonomisk suksess internasjonalt enn «Max Manus».

Trolljegeren

Filmen Trolljegeren er sikra distribusjon både i USA og store land i Europa.

Foto: SF Norge AS

Fredag 29. oktober har Trolljegeren premiere på norske kinoar. Men allereie før filmen har hatt premiere har han håva inn større inntekter på eksport enn storfilmen Max Manus.

– Det er snakk om eit betydeleg beløp, seier produsent for filmen, Sveinung Golimo.

Men nøyaktig kor store summar det er snakk om, vil ikkje produsenten frå Filmkameratene vere konkret på. Filmen Max Manus var ein utanlandssuksess i norsk målestokk, med kinovising i rundt 40 land, men Trolljegeren gjer det altså endå betre.

Vurderer amerikansk «remake»

Produsent Sveinung Golimo

Produsent Sveinung Golimo kan vere nøgd sjølv før filmen har hatt premiere.

Foto: Nyborg, Kristine (Scanpix) / SCANPIX

Trolljegeren er ein «liksom-dokumentar», der tre studentar lagar ein dokumentar om ein mann som viser seg å vere ein statstilsett trolljeger. Komikar Otto Jespersen spelar hovudrolla som trolljegeren.

Filmen har vekt stor merksemd, og vert heftig diskutert på nettet. Fleire amerikanske selskap har dessutan vist interesse for å lage ein amerikansk versjon av filmen.

– Vi opplever stor interesse frå fleire seriøse aktørar, som vi er i dialog med, seier Golimo.

Han reknar det for svært sannsynleg at nokon kjøper opsjonsrettane, og set i gang eit forprosjekt for ein «remake». Om det igjen resulterer i ein faktisk film, er enno tidleg å seie.

Video Filmen Trolljegeren får stor internasjonal interesse

Sjå klipp frå filmen, og høyr regissør André Øvredal fortelje.

Store avtalar på plass

I førre veke vart det klart at Filmkameratene AS har inngått ein avtale med Magnolia Picture i New York om internasjonal distribusjon i alle land utanfor Europa. Avtalen garanterer kinolansering i alle dei største amerikanske byane.

Og i Europa skal Universal Pictures distribuere filmen i store land som Frankrike, Italia, Tyskland, Benelux-landa, Spania og Russland.

– Det er ein kjempeavtale, seier Golimo.

Trur på overskot

Filmen var langt billegare å lage enn publikumssuksessen Max Manus. At Trolljegeren allereie er sikra større eksportinntekter enn Max Manus, gjer produsenten optimistisk.

– Det er gode moglegheiter for eit overskot, seier Sveinung Golimo.

Han er likevel spent før pressevisinga i dag, og kinopremieren på fredag.

– Det er spennande. Den norske marknaden er trass alt hovudmarknaden vår. Det er norsk mytologi og norsk folkesjel vi leikar med.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Norsk dokumentar fikk pris på italiensk festival

    Regissør Emilie Beck fra Horten var blant prisvinnerne på festivalen Bergamo film meeting, som ble avsluttet søndag.

    Beck fikk prisen for dokumentarfilmen «Veien hjem» om en norsk kvinne som er adoptert fra Sri Lanka.

    Hun har lengtet etter sin biologiske familie, men letingen gir henne ikke den sinnsroen hun hadde håpet. I stedet blir det en jakt som avslører hemmelighold og løgner knyttet til utenlandsadopsjon.

    Spanske Irene M. Borrego fikk pris i samme kategori for filmen «The visitt and a secret garden».

    (©NTB)