TRINE SKEI GRANDES CV
Trine Skei Grande er født 2.oktober 1969 i Overhalla i Nord-Trøndelag. Ho er dotter av byggmester Helge H. Grande og lærar og skredder Oddveig Skei.
Ho gjekk ved Øysletta skole og Overhalla barne- og ungdomsskule. Samfunnsfaglig linje ved Namsos videregående skole, gjekk ho på, før fleire år med studiar ved Universitetet i Trondheim og Universitetet i Oslo. Ho studerte fag som språkvitenskap, sosialøkonomi, statsvitenskap og historie.
Yrkeskarriera starta ho i Namdal Arbeiderblad, som freelancejournalist i 1984, berre 15 år gamal. Ho har jobba som adjunkt ved Levanger videregående skole, forelesar i sosialfag ved Høyskolen i Levanger, generalsekretær i Norges Bygdeungdomslag frå 1995 – 1997 og generalsekretær i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner frå 1997 – 1999.
Som 13-åring blei Trine Skei Grande medlem i Venstre. I barne og ungdomstida var ho og svært aktiv i Norges Bygdeungdomslag og 4H. Ho har vore med å arrangera ei mengd leirar og landsstemner. Ho var med å starta ”Studenter mot EU” i 1994 og blei medlem av Nei til EU`s kvinnegruppe samme år.
I 1987 vart Trine Skei Grande 1.varamedlem til kommunestyret i Overhalla. Frå 1989 til 1991 var ho sentralstyremedlem i Norges Unge Venstre og 1991 blei ho Venstre sin representant i fylkestinget i Nord-Trøndelag.
Frå 1990 – 93 var ho medlem i sentralstyret i Venstres Hovedorganisasjon. Medlem av fylkesutvalet og gruppeleiar i Nord-Trøndelag i 1993 og 94 og sat i Oslo bystyre frå 1997 – 2001. I den perioden var ho kommunalråd – og leiar for kultur og utdanningskomiteen – i 1999 og 2000. Og Byråd for kultur og utdanning, i felles Borgerlig Byråd, i 2001 og 2002.
I tillegg til dette har Tine Skei Grande hatt ei mengd verv, spesielt i Unge Venstre, Venstre, 4H og Norges Bygdeungdomslag. Ho var 1.nestleiar i Venstre i 10 år.
I dag er Trine Skei Grande er leiar for partiet Venstre, ho tok over leiarskapet etter Lars Sponheim april 2010.Ho er og aktuell som medlem i Stortingets 22.juli komité. Ho bur i Oslo.