NRK Meny
Normal

Trine Eilertsen til NRK

Trine Eilertsen, tidlegare sjefredaktør i Bergens Tidende, begynner som kommentator i NRK.

Trine Eilertsen og Kyrre Nakkim

Trine Eilertsen er ein av Noregs mest profilerte medieleiarar. Ho gjekk frå jobben som sjefredaktør i desember fjor, og ho blir no kommentator for NRK, noko redaksjonssjef for økonomi og politikk, Kyrre Nakkim, er fornøgd med.

Foto: Eirik Sivertsen / NRK

– Eg har lyst til å jobbe med innhald og journalistikk igjen, og NRK har den største og mest kompetente nyheitsredaksjonen, seier Eilertsen som slutta som avisredaktør i Bergens Tidende 3. desember i fjor for å flytte til Oslo.

Med dét såg Kyrre Nakkim, redaksjonssjef for økonomi og politikk i Nyheitsavdelinga, ein gylden sjanse.

– Trine Eilertsen er svært kompetent, ho kan både økonomi og politikk, og i tillegg har ho brei medieerfaring. Ho skriv glitrande kommentarar, ikkje berre om partipolitikk og økonomi, men også om større samfunnsspørsmål. Ho har gjort ein god figur i fleire debattprogram i NRK. Så når ho no var ledig på arbeidsmarknaden, såg vi sjansen til å få ein svært dyktig kommentator, seier Nakkim.

Kjem i tillegg

Trine Eilertsen

– Kommentarane mine i Bergens Tidende profilerte avisa og meiningsprofilen til BT. I NRK blir det ein tyngre analysedel og eit anna mandat, seier Trine Eilertsen om å kommentere for NRK.

Foto: Eirik Sivertsen / NRK

Eilertsen kjem ikkje til å erstatte nokon av NRKs kommentatorar.

– Etterspørselen etter kommentarar er større enn leveringsevna, seier Nakkim. Med nettsatsinga Ytring, ein landsmøtesesong rett rundt hjørnet og så eit kommande Stortingsval, er det ingenting som tyder på at NRKs kommentatorar vil gå ledige, sjølv med ein til på laget.

Eilertsen meiner ho kjem til å møte mange utfordringar.

– Vil få køyrt meg

– I NRK kjem eg til å arbeide med plattformer eg ikkje kjenner så godt, og eg må «hekte meg på» politikken igjen etter fire år i sjefsstolen. Eg kjem til å lære mykje nytt. Det vil bli utfordrande, eg kjem til å få køyrt meg. Men det er akkurat det eg vil, seier Eilertsen.

Erfaringa og ståstaden frå Bergen, trur ho er ein styrke.

– Å ha sett politikken frå ein anna stad enn Oslo er nok ein fordel. Eg har også leiarerfaring, og det er nok heller ikkje ei ulempe at eg har sett ein del problemstillingar frå fleire sider av bordet.

Eilertsen begynner som kommentator i starten av mars.

Kulturstrøm

  • 1,3 milliarder falske kontoer

    Nesten 1,3 milliarder falske Facebook-kontoer har blitt deaktivert i løpet av de siste seks månedene, opplyser selskapet. I en uttalelse tirsdag redegjorde Facebook for selskapets standarder mot seksuelle og voldelige bilder, terrorpropaganda og hatytringer. Det uønskede innholdet på Facebook fra januar til mars utgjør mellom 0,22 og 0,27 prosent av det totale innholdet på det sosiale nettverket, som blir brukt av over to milliarder mennesker (NTB).

  • Mari Boine på Stupetårnet

    Under Festspillene i Elverum skal Boine holde Soloppgangskonsert på Stupetårnet i Hamar. Det skjer 11. august – klokken fem om morgenen. Da etterfølger hun førstemann opp i tårnet, Ole Edvard Antonsen, som hadde ideen i 2016 og mente rytmisk musikk fra et stupetårn «passet perfekt». I fjor tro Bugge Wesseltoft og DJ Strangefruit til med det en anmelder kalte «sløv jazz» fra Stupetårnet (NTB).

    Mari Boine på Varangerfestivalen
    Foto: Knut-Sverre Horn / NRK