Hopp til innhold

Trier: – Berre slå meg!

Lars von Trier forklarar Cannes-utestenging med at han vart misforstått av internasjonal presse.

FRANCE-FILM-FESTIVAL-CANNES
Foto: ANNE-CHRISTINE POUJOULAT / Afp

I dag blei det klart at Lars von Trier er utestengt frå Cannes-festivalen med umiddelbar verknad. Festivalen tar avstand frå nazikommentarane til den danske regissøren og erklærte han «persona non grata».

Trier slo tilbake på pressekonferanse i dag.

– Viss nokon av de journalistar vil slå meg, så berre gjer det. Eg vil nyte det, sa Trier ifølgje Ekstrabladet.

Han tok opp att at han ikkje har noko imot jødar, noko han også sa då han beklaga seg i går.

Les: Von Trier ber om unnskyldning for Hitler-sympati

– Holocaust er den verste forbrytinga som nokon sinne har skjedd. Eg har ikkje noko imot jødar. Både eg og alle mine barn har jødiske namn, sa han.

Misforstått humor

Han meiner han vart misforstått av det internasjonale pressekorpset.

– Det var verkeleg dumt gjort og det skjedde i feil forum. På pressemøtet med danske journalistar var det ikkje noko problem, men eg trur ikkje dei internasjonale journalistane forstår min danske humor, sa han.

Til VG Nett seier dansken at han er stolt av å bli kasta ut.

– Det kjennest som om eg har fått ein fransk orden. Familien min ville vore veldig stolte av meg, sjølv om eg gjorde noko dumt mot folk eg bryr meg om, folka i Cannes-festivalen, seier han.

Lars von Triers produsent Peter Aalbæk er ikkje overraska og meiner Trier heller ikkje er det.

– Dette hadde han rekna med. Dei kan jo ikkje tåle at han får ein pris på søndag og derfor hiv dei han ut. Det er sinnsjukt irriterande. Filmen er så god at vi faktisk rekna med å få ein pris, seier Aalbæk til Politiken.

Sjå kvifor von Trier er utestengt:

Video Von Trier sier han forstår Hitler

Von Trier sier han forstår Hitler

Prøvar å bryte «Melancholia»-kontrakt

Verken von Trier eller produsenten forventar at dette vil få konsekvensar for karriera til regissøren på lang sikt.

– Dei fleste har arbeida med han og filmane hans i over 20 år og kjenner til provokasjonane hans. Og tar dei med stor ro. Dette kjem ikkje til å endre noko, seier Aalbæk.

Han bekreftar til dansk TV2 at det er land som prøvar å kome seg ut av kontrakta på filmen «Melancholia».

– Dei sakene vurderar vi individuelt, seier han til TV2.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lars von Trier

Kirsten Dunst og Lars von Trier under pressekonferansen i går.

Foto: YVES HERMAN / Reuters

– Har ei form for Tourettes

Lektor i filmvitenskap ved Københavns Universitet, Peter Schepelern, meiner det er ein overreaksjon å utestenge von Trier frå festivalen.

Stellan Skarsgård

Stellan Skarsgård meiner Lars von Trier har Tourettes.

Foto: Kirsti Falch-Nilsen, NRK.no

– Eg oppfattar det som ein tåpeleg performance frå Trier. Men om ein lyttar nærmare så er det jo berre malplassert sarkasme og provokasjon. Heilt klart malplassert, men slett ikkje noko som eg syns gir bakgrunn for at festivalen reagerer på den måten, seier han til Politiken.

Også skodespelarane i hans nye film, «Melancholia», forsvarar regissøren.

– Han har ei form for Tourettes, trur eg. Alt ein ikkje bør seie, det er han nødt til å seie, sa Stellan Skarsgård til Politiken etter pressekonferansen i går.

Les: Naziflørt sjokkerte Cannes

– Sjansane for å vinne er steindøde

Ven og regissørkollega av Trier, Jørgen Leth, meiner avgjerda er latterleg.

Frédéric Mitterand

Den franske kulturministeren støttar avgjerda om å kaste ut von Trier frå Cannes-festivalen.

Foto: STEPHANE DE SAKUTIN / AFP

– Han hylla jo ikkje nazistane, men estetikken som blant anna Speer og Leni Riefenstahl stod for under den andre verdskrigen. Han har vore med i festivalen i så mange år at dei burde kjenne trangen hans til å provosere og han har jo sagt unnskyld, seier han til dansk TV2.

Filmanmeldar i Danmarks Radio, Per Juul Carlsen, meiner Trier ikkje lenger har sjanse til å vinne Gullpalmen.

– Eg trur sjansane hans til å vinne er steindøde. Juryformann Robert de Niro er jo ikkje kjent som ein holdningens mann, eg trur han går etter eit godt, stabilt filmhandverk, skriv han.

Fransk kulturminister støttar Cannes

Den franske kulturministeren støttar avgjerda om å utestenge von Trier.

– Kommentarane hans og måten han ytra dei på var uakseptabelt. Denne type provokasjon høyrer ikkje heime på denne festivalen eller nokon som helst annan plass, sa Frederic Mitterand i pausen av eit møte med EU-kulturministerar i Brussel, ifølgje AFP.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.