Hopp til innhold

Tress i Ess

Tress i Ess er ein kompisgjeng som har det kjekt i lag, så dei tenkte kvifor ikkje spele i lag og? No har dei spelt saman i eit par år og mange oppdrag har det blitt på trioen.

Tress i Ess
Foto: Promo

Om Tress i Ess kjem vidare frå Nettsjansen til Kjempesjansen vil dei framføre "Libertango" av Astor Piazzolla, den kan du og sjå på musikkvideoen til gruppa .

Garden

Glenn Sørskår og Kai Hansen er begge frå Lofoten, medan Per-Lorentz Milotzki er frå Porsgrunn. Glenn og Kai har spelt saman sidan dei var 6-7 år gamle. Men så reiste Glenn i garden og der kom han i kontakt med Per.

- Eg møtte Per på opptaksprøve til Grieg-akademiet, vi fant fort ut at han kjente Glenn. Verda er ikkje stor, fortel Kai.

Uvanleg musikk

Tress i Ess
Foto: Promo

Musikken til gutane er ikkje som alle andre sin musikk. Dei har ein annan samansetting enn mange andre triogrupper. Gutane fortel at sidan musikken deira er satt saman av to trekkspel og ein saksofon så er den uvanleg på ein flott måte.

- V har ikkje hørt om andre som har ei slik samansetting av instrument i ein trio. Det er ganske artig å gjere ting som ikkje andre har gjort før, seier Kai.

Men det er eit lite problem gutane har når det gjeld denne musikkstilen sin.

- Det er vanskeleg å finne musikk som passar til vår samansetting, fortel gutane.  

Kva vil de bruke pengane de vinn til?

- Det må bli å forstørre instrumentparken vår, og til å betale ned instrument vi allereie har kjøpt.

På gøy med Tress i Ess:

Har du nokre spesielle kunnskapar?

Glenn Sørskår: - Eg har fagbrev som tømrar.

Kai Hansen: - Eg har fagbrev i IKT-driftsfag.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.