Få festivalstemning med deLillos

Covid-19 avlyste festivalsommaren, men musikken kan du likevel få med deg. Her er tre ny-innspelte deLillos-klassikarar som gir festivalstemning.

deLillos under konserten på Over Oslo i juni 2020.

KONSERT: deLillos spelte ein av dei få festivalkonsertane som er sommaren 2020. Den gjekk av stabelen på festivalen Over Oslo på Grefsenkollen.

Foto: Kristian Jøndal / Over Oslo

– Sommaren 2016 låg eg på sjukehus, så sommaren 2017 måtte me «ta igjen». Eg trur me spelte 17 jobbar etter kvarandre, seier Lars Lillo-Stenberg.

Han har ein sommar der han kosar seg med det han kallar «lang sommarferie». No er han bedt om å kome med eit festivalminne, og då er det er heile 2017-sommaren han trekker fram.

– Det var veldig fint vær, og me vart så utruleg drivne med det me skulle gjere. Den rekka med jobbar me hadde då, på Sørlandet og rundt omkring, det var fantastisk. Det festivalåret vil eg aldri gløyme, seier han.

deLillos under konserten på Over Oslo i juni 2020.

MEIR: Lars Lillo-Stenberg fekk blod på tann under Over Oslo, og kjente han gjerne skulle spelt meir.

Foto: Kristian Jøndal / Over Oslo

Kanskje blir årets festivalsommar også noko å hugse, for i juni spelte deLillos på festivalen Over Oslo. Med nydeleg utsikt frå Grefsenkollen fekk eit utval publikum sjå på.

– Det kom nesten som ei overrasking på oss at det var så fint å stå og spele for folk. Det var kjærkome, og me kjente der og då at, søren, me gjerne skulle spelt meir, seier Lillo-Stenberg.

Litt av konserten kan du også få oppleve, så skru opp lyden og nyt!

Smak av honning

Om du i sommar nyt å ha fri, berre er til, og kjenner sola varme, så er dette låten for deg. Drøym deg vekk med «Smak av honning».

Festivalsommaren i Noreg blei ikkje som planlagt, men mange festivalar arrangerer nokre konsertar. NRK sender eit utval av desse. Her er deLillos frå Over Oslo, med låten Smak av honning.

SJÅ LÅT: Smak av honning av deLillos på Over Oslo i juni 2020.

Sveve over byen

Viss du derimot er litt trøtt av livet, og pent vær får deg til å sitte inne, så søk trøyst i låten «Sveve over byen».

Festivalsommaren i Noreg blei ikkje som planlagt, men mange festivalar arrangerer nokre konsertar. NRK sender eit utval av desse. Her er deLillos frå Over Oslo, med låten Sveve over byen. .

SJÅ LÅT: Sveve over byen av deLillos på Over Oslo i juni 2020.

Neste sommer

Ein kan håpe, at neste år, neste sommar, skal me atter vere der, og synge gamle songar om igjen. På festival.

Enn så lenge, nyt denne låten.

Festivalsommaren i Noreg blei ikkje som planlagt, men mange festivalar arrangerer nokre konsertar. NRK sender eit utval av desse. Her er deLillos frå Over Oslo, med låten Neste sommer.

SJÅ LÅT: Neste sommer av deLillos på Over Oslo i juni 2020.

Gjennom sommaren 2020 gir NRK deg noko av det beste frå festivalane i Noreg. Få med deg heile konserten med deLillos på NRK1 torsdag kveld, i NRK TV, eller her:

Fra festivalen Over Oslo kan du her oppleve de Lillos. En skikkelig sommerkonsert med de største favorittene: Neste sommer, Smak av honning, Sveve over byen og så videre, og så videre...........

SJÅ KONSERT: Festivalsommaren i Noreg blei ikkje som planlagt, men mange festivalar arrangerer nokre konsertar. NRK sender eit utval av desse. Her er deLillos frå Over Oslo.

Anbefalt vidare sjåing:

Kulturstrøm

  • Kinoklar katastrofefilm

    Filmen «Greenland» handler om et samfunn som raskt kollapser når en komet er på kollisjonskurs med jorda. – En skremmende og engasjerende katastrofefilm for den som tør utsette seg for den, skriver Filmpolitiet i anmeldelsen. Terningkast 4.

    Bilde fra filmen "Greenland".
    Foto: SF Studios
  • Slik blir Kim Friele-skulpturen

    Kunstner Lina Viste Grønli skal lage skulpturen til ære for Kim Friele, Norges første åpent homofile. Grønli vant konkurransen som er første i en satsing for å få flere kvinner på sokkel i Bergen. Skulpturen er formet som tre benker med bokstavene KIM, og er en referanse til at Friele i sin ungdom satt på en benk og speidet etter andre homofile.

    Skisse av tre benker formet som bokstavene KIM som skal settes opp i Bergen
    Foto: Bergen kommune / Linda Viste Grønli