Overgangen skjer tidlegare enn ein før har trudd, syner ei ny undersøking.
- Ikkje overraskande, men ein vekkjar, seier norsklærar Karen Marie Kvåle Garthus, til Nationen.
For fyrste gong er det gjennomført ei omfattande undersøking av kvifor så mange skuleelevar skiftar hovudmål frå nynorsk til bokmål.
Skiftet skjer tidlegare
Gjennom pilotprosjektet Målstreken har Valdres Mållag, med støtte frå Noregs Mållag, spurt 414 elevar i regionen om språkhaldningar og språkskifte. Resultata viser mellom anna at:
- 75 prosent av elevane skiftar frå nynorsk til bokmål.
- Overgangen skjer tidlegare enn ein før har trudd: 37 prosent går over til bokmål mellom barneskule og ungdomsskule.
- Fleire jenter enn gutar forlèt nynorsken.
- Innflyttarforeldre er ikkje årsaka til språkskiftet: 72 prosent av dei som har begge foreldra frå Valdres, skiftar frå nynorsk til bokmål.
Mange av dei som går over til bokmål, synest nynorsk er vanskelegare enn bokmål. Andre viser til at bokmål er overalt, og kan nyttast overalt.
- Det er ikkje sjokkerande svar. Mykje av dette var kjent. Men det var ein vekkjar å få det talfesta, seier prosjektleiar Karen Marie Kvåle Garthus, som er norsklærar ved Valdres vidaregåande skule.
- Kan vere yrkesfordel
Når nynorsk er så godt som usynleg i offentlege kanalar, oppfattar ungdom det raskt.
- Då er det naturleg å velje det språket som blir brukt overalt. Det å velje nynorsk blir eit veldig markert val, seier ho.
Kvåle Garthus peiker også på fordelane med å meistre begge målformer.
- Det å meistre nynorsk kan vere ein yrkesfordel. Aller størst i offentleg sektor der dei tek språklova på alvor. Vel så viktig er identitetsaspektet. Når ein skal finne ut kven ein er og kvar ein står, er språket viktig, meiner Kvåle Garthus.