Hopp til innhold

Trappar opp syrisk cyberkrig

Både myndigheitene og opposisjonelle i Syria spreier falsk informasjon og rykter på Internett, for å påverke den verkelege krigen.

SYRIA

Bashar al-Assad møtte sjef for Irans sikkerheitsråd i Damaskus i går. Regimet har tatt i bruk Internett og sosiale media for å gi inntrykk av at dei framleis er sterke.

Foto: SANA / Reuters

I takt med at situasjonen på bakken blir meir og meir blodig, har sidene i Syria-konflikta trappa opp krigen også på Internett. Rykter og desinformasjon blir brukt i kampen om «sanninga» - og for å påverke den verkelege krigen.

Gruppa av nære medarbeidarar rundt Bashar al-Assad er i ferd med å minke etter at statsministeren trakk seg denne veka. Regimet tar i bruk Internett for å gi eit inntrykk av at dei framleis har kontrollen.

På søndag vart Twitter-kontoen til nyheitsbyrået Reuters hacka av nokon som ville gi inntrykk av at opprørarane i Aleppo-distriktet var i ferd med å gi seg.

Måndag tvitra ein som hevda å vere ein russisk diplomat at Bashar al-Assad var drepen. Meldinga skapte furore, før den var avkrefta av det russiske utanriksdepartementet.

Publiserte e-postar på Wikileaks

Reuters måtte også stenge kommentarfeltet på nettstaden sin, etter at det hadde dukka opp fleire uautoriserte og misvisande rapportar som hevda at den syriske opposisjonen var i tilbakegang.

Ikkje lenge etter måtte dei også leggje ned Twitter-kontoen @ReutersTech etter at falske meldingar hadde blitt sendt ut. Dei skulle underminere Free Syrian Army.

LES:

Det er ikkje første gong at Assad-supporterane prøvar å manipulere media. Ei gruppe med namnet Syrian Electronic Army posta i fjor eit bilete av Assad i uniform på nettstaden til Harvard-universitetet.

På motsett side har Anonymous-rørsla stole tusenvis av interne e-postar frå syriske myndigheiter, inkludert personlege e-postar frå Assad til kona hans. Dei vart deretter offentleggjort på Wikileaks.

(Artikkelen held fram under biletet)

Free Syrian Army-soldat skjuler seg i Aleppo

Ein soldat i Free Syrian Army skjuler seg i Aleppo. Twitter-meldingar som skulle underminere denne rørsla er sendt ut av motstandarane.

Foto: GORAN TOMASEVIC / Reuters

Ny moderne krigføring

– Det er ikkje overraskande at Syria trappar opp krigen i cyberspace. Men dei tekniske ferdigheitene til regimet ser ganske grunnleggjande ut, og hackinga av e-postane til Assad viser at dataforsvaret deira har store svakheiter, seier John Bassett ved Londons Royal United Services Institute, til AP.

Cyberangrep er del av den nye moderne krigføringa, meiner ekspertar.

– Vi kan vente meir av dette frå alle retningar. I krig er sanninga det første som forsvinn. Begge sider vil prøve å manipulere informasjon for å få seg sjølv til å sjå ut som vinnaren, og den andre sida som taparen, seier Hayat Alvi, forelesar i Midtausten-studier ved US Naval War College, til AP.

LES: USA: Assad er i ferd med å miste grepet

Angrep mot tradisjonelle media

Syrian Electronic Army har vore spesielt aktive i det siste, og har angripe sosiale media og tradisjonelle media med desinformasjon i favør av myndigheitene i Damaskus.

I april vart Twitter-kontoen til TV-kanalen Al Arabiya brukt til å sende ut meldingar om ei politisk krise i Qatar. I juli vart Al Jazeera angripe, og det vart sendt ut falske Twitter-meldingar i favør av Assad-regimet. Frå denne kontoen vart nemnde Al Aryiab kritisert for å fabrikkert bevis på sivile tap i Syria.

LES: – Ødelegger verdens eldste byer

Har desse meldingane noko å seie for dei som står på bakken i Syria? Mange av dei falske meldingane vart raskt avslørt og retta på av årvakne lesarar og journalistar og nådde ikkje ut i stor skala.

– Meldingane er ikkje teknisk sofistikerte, og etter mi meining ser dei ut til å vere frå amatørar heller enn regimet. Det fortel oss at Assad framleis har noko støtte blant folk både innad og utanfor Syria, men det er det, meiner Tal Be'ery ved IT-sikringsfirmaet Imperva.

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP