Hopp til innhold

Tonya Harding vil ha oppreising

24 år etter det rivaliseringa med Nancy Kerrigan, og eit dramatisk kunstløp på Lillehammer, har Tonya Harding fått fortelje sin versjon av det som skjedde.

Det blei dramatikk både før, under og etter Tonya Harding sitt løp under OL på Lillehammer. Kommentator var Sølve Grotmol.

For mange nordmenn var Lillehammer-OL seksten dagar med idrettsglede og strålande sol. Og OL-president Juan Antonio Samaranch som utropte Lillehammer til «the best Olympic Winter Games ever».

Men kunstløpfinalen i Hamar OL-amfi var kanskje enkeltøvinga flest hugsar. Ein fullsett ishall fekk sjå ein dramatisk finale mellom dei amerikanske rivalane Nancy Kerrigan og Tonya Harding, der Harding gjekk ut som den store taparen.

24 år seinare blei det hennar tur til fortelje sin versjon av det som skjedde.

Merka for livet

Spelefilmen «I, Tonya» kom på amerikanske kinoar før jul. Filmen handlar om livet til kunstløparen. I eit intervju med New York Times seier Harding at rivaliseringa med Nancy Kerrigan uansett er det som kjem til å stå igjen etter henne.

– Heilt sidan det som skjedde i 1994, har eg visst at dette er noko som vil følgje meg resten av livet.

Det har vore gjort fleire forsøk på å få fortalt hennar side av hendingane. Men kvar gong har det enda opp med spørsmål om kva ho gjorde og kva ho visste om eit åtak mot Nancy Kerrigan før det amerikanske uttaket til OL på Lillehammer.

Tonya Harding gjekk på fleire måtar tapande ut av konflikten med Nancy Kerrigan. No håper ho ein ny film skal endre korleis folk oppfattar henne.

Med filmen «I, Tonya» meiner ho at ho endeleg har fått fortalt si historie.

– Etter alle desse åra blir eg framleis straffa for det eg gjorde, men også det eg ikkje gjorde.

Skjønnheten og udyret

Både Harding og Kerrigan kom frå familiar med arbeidarklassebakgrunn. Kerrigan var den vakre og populære kunstløparen med designerdrakter. Harding var den første kvinnelege kunstløparen i USA som gjorde ein trippel axel i konkurranse. Men utan at det gjorde henne meir populær av den grunn. Ho blei framstilt som ein rufsete utøvar som røykte og gjekk på astmamedisin, mangla sponsor og sydde sine eigne konkurransedrakter.

Rett før den amerikanske uttakinga til OL i 1994, blei Kerrigan angripen med ei jernstong. Det viste seg at det var eksmannen til Harding og ei av hennar tidlegare livvakter som stod bak. Harding sa ho ikkje visste om planane om angrepet, men at ho blei informert om det etterpå.

Begge fekk reise til Noreg for å konkurrere. I konkurransen blir Nancy Kerrigan nummer to, bak ukrainske Oksana Bajul. Harding blir til slutt nummer åtte. Ho blir seinare bøtlagd og dømd til samfunnsteneste for å ha medverka til angrepet på Kerrigan. I tillegg stenger det amerikanske kunstløpforbundet henne ute på livstid.

Valdeleg oppvekst

Filmen «I, Tonya» har bra kritikkar i USA. Og Tonya Harding er også nøgd med sluttresultatet. Filmen viser korleis Harding blir utsett for vald i oppveksten, og korleis ho kjemper seg tilbake.

– Folk forstår ikkje at det dei ser i filmen er ingenting. Det er berre småting. Eg blei sendt gjennom ein spegel. Ikkje inn i, men gjennom, for eksempel, seier ho til New York Times.

"I, Tonya" Allison Janney

Allison Janney spelar mora til Tonya Harding i filmen. Ho syntest det var ei utfordring å spele ein person som framleis er i live.

Foto: Nordisk Film Distirbusjon AS

Allison Janney spelar den valdelege mora til Harding i filmen. Ho fekk nyleg Golden Globe for beste kvinnelege birolle. I eit intervju med ABC News, seier Janney ho blei lei seg då ho fekk høyre at Harding meinte tolkinga hennar var veldig presis.

– Det gjorde meg trist, og eg ville berre gråte.

Ho har ikkje møtt mora til Harding, og seier det var ei utfordring å portrettere ein levande person.

– Eg trur ho var ein verkeleg sint og forbitra person. Ho fekk ikkje livet ho ønska seg. Og eg trur ho meinte ho fortente noko ho ikkje kunne få frå dottera.

Mora til Tonya Harding har avvist at dottera blei utsett for mishandling av henne i oppveksten.

Meiner begge blei straffa

Tonya Harding seier til New York Times at mykje hadde vore annleis om det ikkje hadde vore for det som skjedde rundt OL på Lillehammer. Vi ville i staden ha vore overvelda over kva ho hadde fått til. Det ville ha vore ei heltehistorie a la «Rocky».

Ho seier også at ho meiner både ho og Kerrigan blei straffa for skandalen som kom før OL på Lillehammer.

– Då vi kom til Lillehammer, verka det som om IOC ville straffe USA for det som hadde skjedd, seier ho.

"I, Tonya" Tonya Harding

Margot Robbie Spelar Tonya Harding i filmen om kunstløparen.

Foto: Nordisk Film Distribusjon AS

Trass i at Nancy Kerrigan gjorde eit nærast plettfritt program, og kanskje burde ha vunne gull, fekk ho ein sølvmedalje. Harding meiner det kunne verke som om dommarane ville sende ein beskjed om at OL ikkje var staden for amerikanske skandalar.

«I, Tonya» kjem på norske kinoar frå 2. februar.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)