Kulturstrøm

  • Viste fram seniormote i Paris

    Den japanske motedesignaren Junya Watanabe viste fram klede for eldre menn under Paris Fashion Week i går. Kolleksjonen bestod av ei rekke tweedjakker, stripete kardiganar, rutete tartanar og andre plagg som blir knytt til klassisk herremote. No blir Watanabe hylla av fleire motemagasin. Til dømes Paper og Vogue.

    Seniormote
    Foto: Anne-christine Poujoulat / AFP
  • Stordalen kjøper enda eit forlag

    Petter Stordalens forlagsfamilie Strawberry Publishing kjøper seg inn i Bastion forlag, melder Bok365. Bastion er forlaget til Jojo Moyes, forfattaren av «Et helt halvt år», som er den mest selde boka i Noreg dei siste ti åra.

    Jojo Moyes
    Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
  • Avsluttar samarbeid med R. Kelly

    Sony Music har bestemt seg for å avslutte samarbeidet med R. Kelly, melder Variety. Avgjerda kjem i kjølvatnet av eit stort press mot plateselskapet, etter at fleire kvinner stod fram i dokumentaren «Surviving R. Kelly» og skulda artisten for seksuelle overgrep.