– Eg ser at nokon av dykk «ticsar» no, det får meg til å «ticsa» òg, det er litt merkeleg! seier Andreas «Tix» Haukeland og ler under den digitale samtalen med dei nederlandske ungdommane.
Artisten sin openheit om Tourettes syndrom, og korleis det har påverka karrieren hans, har fått merksemd i Nederland.
I Rotterdam, der han er i høve Eurovision, ser det no ut til å ha skapt eit lite fellesskap.
Ingen Tourettes, ingen Tix
PRØVAR: Her er Andreas «Tix» Haukeland på veg til dei første sceneprøvane i Rotterdam.
Foto: NRKDet var den nederlandske stiftelsen Gilles de la Tourettes i samarbeid med Noregs Ambassadør som tok initiativ til samtalen med Tix.
Dei hadde med seg fire unge personar mellom 12 og 29 år som fekk høve til å stilla den norske artisten spørsmål, og dela litt av sine erfaringar.
Eitt av spørsmåla var om Tix trudde han ville ha vore artist dersom han ikkje hadde hatt Tourettes.
– Heilt ærleg, nei, det trur eg ikkje. Ein stor del av motivasjonen var å motbevisa folk og stå opp for noko eg verkeleg trur på. Eg kjempa og kjempa og kjempa for aksept, og om eg ikkje hadde hatt den motivasjonen, trur eg ikkje eg ville ha blitt den artisten eg er i dag, svarte Tix.
Ungdommane var svært spente på å møta Tix, fortel pressekontakt Hedy Uijting i stiftelsen Gilles de la Tourettes.
– Det er veldig viktig for dei å sjå nokon som Andreas, og kva han har oppnådd i livet sitt med Tourettes, eller snarare på grunn av Tourettes, som han sa under intervjuet, seier Uijting til NRK.
Ho legg til at ho trur at Tix gjer det enklare for både unge og vaksne med Tourettes og andre syndrom/lidingar å snakka ope om det.
KJEMPA: – Han måtte kjempa for å komma der han er i dag, så eg synest han er eit godt eksempel for alle, seier pressesjef Hedy Uijting i den nederlandske Tourettes-foreininga.
Foto: privat- Les også:
– Givande for både Tix og dei unge
– Tix gjer sterkt inntrykk med ei historie eg trur mange kan relatera seg til. Det at han har tatt eigarskap til kallenamnet Tix, og gjort sin største svakheit til sin største styrke, verkar inspirerande på folk, seier MGP-general og prosjektleiar Stig Karlsen.
Samtalen skjedde innimellom prøvane før den store songkonkurransen. Karlsen trur gleda over samtalen var gjensidig.
– Det var openbert svært givande for både Tix og dei unge nederlendarane å dela tankar og historier knytt til det å ha Tourettes. Det blei snakka om diagnosens utfordringar, men også om at Tourettes gjer ein unik, og med eigenskapar som kan vera ein styrke.
Heile samtalen kan du sjå på YouTube her.
- Les også:
- Les også: