Sjikane på internett gjennom til dømes misbruk av private bilete, har blitt eit aukande problem dei siste åra. No ønskjer regjeringa å ta tak i dette, i samarbeid med Datatilsynet.
Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys (SV) foreslår i revidert nasjonalbudsjett å bevilge 5,1 millionar kroner til tre prosjekt som skal motverke nettsjikane.
- Dette kan ramme oss alle, anten de skuldast ein augneblinks tankeløyse, eller at andre misbrukar nettet. Uansett må vi kunne hjelpe folk med å få sletta krenkjande personopplysingar.
Forsøksordning
Fornyings- og administrasjonsdepartementet foreslår eit to års prøveprosjekt, der slettehjelp kan bli permanente dersom dei er vellukka. Av potten på 5,1 millionar kroner, skal dette prosjektet få 3,2 millionar kroner.
I tilleg til dette ønskjer Grande Røys å auke kunnskapane om personvern i grunnskulen. Departementet skriv i ei pressemelding at dei ønskjer å kartleggje utfordringar kring fjernsynsovervaking og publisering av elevbilete.
Datatilsynet skal i samarbeid med utdanningssektoren lage materiell til lærarar og andre tilsette, noko som skal gjere dei meir medvitne på personvern.
Dette arbeidet vil departementet bevilge 900 000 kroner til.
Det tredje prosjektet er mynta på næringslivet, og skal koste 1 millon kroner.