Vi skal ut på tur til beverens tilhaldsstad. Og med ein opplyst måne på ein mørklagt himmel, og eit tjukt lag med dis tredd nedover dei tørre og avstumpa trestammane, kunne dette landskapet vore den ultimate kulissen for ein skummel krimserie.
- Bever (Castor fiber) Gnagarart i beverfamilien. Den største gnagaren på den nordlege halvkule. Kan veige opptil 40 kg. Eit fredeleg og forsiktig dyr som ferdast mest ute om natta.
For her har beveren forsynt seg med alt som nokon gong har likna på eit friskt tre, og det er berre stumpar att, som står og vaiar på den sumpaktige grunnen.
Klikk på lenka i medieboksen for å høyre innslaget som vart laga av Inger Johanne Sæterbakk, og sendt i Norgesglasset 16.05.05.
Det er berre stumpar att etter beveren når han har forsynt seg. Foto: Lise Gro Andersen, NRK
Norgesglasset NRK P1