Hopp til innhold

Her startar reisa mot tidenes beste norske album

Radka Toneff og Steve Dobrogosz sitt album «Fairytales» er kåra til tidenes beste norske album av norske artistar. Idéen til plata sprang ut av eit heilt spesielt opptak i Studio 19 på Marienlyst som du kan høyre her.

Radka Toneff med band i 1979

Lytting i kontrollromet i NRK sitt Studio 19 hausten 1979: Bak frå venstre Radka Toneff, Steve Dobrogosz og Jon Eberson, framme frå venstre Arild Andersen og Svein Christiansen.

Foto: Jan Nordby / NRK

Morgenbladet og Kulturhuset i P2 har i haust presentert lista «Artistenes topp 100», ei liste over tidenes 100 norske album, kåra av 100 norske artistar som har bidratt med sine topp 10-lister.

11.november vert topp 10-lista presentert, og heilt på topp ligg «Fairytales» frå 1982, med songarinna Radka Toneff (1952-1982) og pianisten Steve Dobrogosz (f. 1956).

– Eg er beæra, og ikkje minst overraska – særleg sidan konkurransen dekkjer alle sjangrar, seier amerikanaren Dobrogosz til NRK.no på telefon frå Stockholm, byen han flytta til i 1978 og framleis bur i.

Jazzklubben sender heile opptaket frå radioprogrammet «Åpent hus med Radka Toneff kvintett» frå 1979 og radiodokumentaren "Set it free" fra 1997 av Karen Frivik. Høyr heile programmet her:

(Lydklippet er tilgjengeleg fram til 19.05.2012)

Sjå i nett-tv: Til Radka, ein hyllestkonsert i Operaen frå 2009 med Karin Krog, Kirsten Bråten Berg, Live Maria Roggen, Solveig Slettahjell, Per Jørgensen og Arve Henriksen.

Steve Dobrogosz

Steve Dobrogosz.

Foto: Johs. Boes

– Det var litt sånn, «kva toneart skal vi ta den i?»

Dobrogosz vart med i Radka Toneff sin kvintett i 1979, og under konsertar brukte dei å ta éin song som duo, kun med piano og song. Under eit opptak med kvintetten til NRK sitt radioprogram «Åpent hus» hausten 1979, nytta dei høvet til å spele inn «My Funny Valentine» som duo:

Radka Toneff

Radka Toneff i 1979.

Foto: Jan Nordby / NRK

– Det skjedde veldig spontant, seier Dobrogosz.

– Det var litt sånn, «kva toneart skal vi ta den i? G-moll? Ok, la oss setje i gang!» Vi hadde ingen plan, vi berre gjorde det. Og så fungerte det verkeleg godt. Alle var samde om at vi hadde gjort noko heilt spesielt.

Opplevinga vart opptakta til samarbeidet om «Fairytales»:

– Det var første gongen eg tenkte at «dette kunne vi jo lage ei heilt plate med». Radka hadde tenkt at den neste plata hennar skulle vere med orkester, men neste gong vi møttest, føreslo eg for henne at vi skulle lage eit album i lag. Eg overtydde henne om at det vi gjorde var godt nok til ei plate, og ho kontakta plateselskapet Odin, som sa ja til prosjektet.

Høyr «My Funny Valentine»:

– Etterpå vart det total stillheit

Erling Wicklund

Erling Wicklund.

Foto: Anikken Sunde / NRK

NRK sin jazzmedarbeidar Erling Wicklund var produsent for NRK-opptaket i 1979, medan Egil Johan Damm og Jan-Erik Tørmoen var lydteknikarar. Wicklund hugsar svært godt hendinga i Studio 19:

– Det skjedde noko heilt merkeleg under opptaket av «My Funny Valentine», seier Wicklund til NRK.no

– Stemninga var heilt elektrisk, så ladda, så intens. Eg hugsar at dei to kom inn i kontrollromet etter at dei hadde gjort låten, og heile bandet, teknikarane og eg lytta gjennom songen. Etterpå vart det total stillheit. Det var nesten som om dei ikkje trudde det sjølv, at dei hadde fått ein slik kjempeklaff. Det var ikkje eingong snakk om å spele låten igjen, det var berre å gå vidare til neste låt.

Med i kontrollromet var også bassist Arild Andersen, som skulle kome til å produsere dei andre ni låtane på plata. Resten av «Fairytale» vart spelt inn i Grieghallen, men den opprinnelege «My Funny Valentine»-versjonen vart med på albumet, som kom ut i 1982:

– Opptaket i Grieghallen vart gjort med nytt, digitalt utstyr som var betre enn det vi hadde tilgang til i NRK på den tida. Likevel ville dei ha med denne versjonen på plata, for det skjedde noko musikalsk som var heilt unikt, seier Wicklund.

– Det hadde vore fint å turnere med plata

Albumet rakk å få ei god mottaking før Toneff tok sitt eige liv hausten 1982.

– Eg hugsar eg snakka med Radka kort tid før ho døydde, ho var glad og fortalde at albumet klatra på listene, seier Dobrogosz.

Toneff og Dobrogosz rakk aldri å halde nokon heil konsert som duo:

– Vi brukte alltid å ta ein låt på konsertane, og det fungerte alltid fint. Det hadde vore fint å turnere med songane frå plata.

«Fairytales» har selt godt heilt sidan utgjevinga i 1982, og har passert 100 000 selde album. Lillebjørn Nilsen, Magne Furuholmen og Susanne Sundfør var mellom artistane som hadde albumet høgt på si topp-10-liste i kåringa. Men det tok nokre år før det for alvor gjekk opp for Steve Dobrogosz at dei hadde laga ein klassikar:

– Utover 1990-talet var det framleis stadig folk som kom bort til meg og fortalde kor godt dei likte plata. Det var nok då eg tenkte at «denne kjem til å vare».

– Framleis kjem folk bort og vil snakke om plata, nokre spør til og med: samarbeider du med henne framleis?

Her er topp 10-lista:

Topp 10 frå «Artistenes topp 100»

Nr.

Artist/band

Album

Selskap

År

1

Radka Toneff/Steve Dobrogosz

Fairytales

Odin

1982

2

a-ha

Scoundrel Days

Warner

1986

3

a-ha

Hunting High and Low

Warner

1985

4

Kjøtt

Kjøtt

Flesh Records

1980

5

Knutsen og Ludvigsen

Juba Juba

Notabene

1983

6

The Aller Værste!

Materialtretthet

Den gode hensikt

1980

7

deLillos

Suser avgårde

Sonet Norsk Grammofon

1986

8

Röyksopp

Melody A.M.

Wall of Sound

2001

9

Jan Garbarek, Keith Jarrett, Palle Danielsson, Jon Christensen

Belonging

ECM

1974

10

De Press

Block to Block

Siberia

1981

Ekspander/minimer faktaboks

Er dette verkeleg Noregs beste album? Bruk kommentarfeltet!

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober