Tiår med overgrep i dansk jentekor
Ei rekke tidlegare medlemmar i DR pigekoret i Danmark står fram i Ekstrabladet og fortel om psykisk terror og ein sterkt seksualisert kultur, som har pågått sidan 60-talet. Skuldingane er retta mot den nå avdøde dirigenten gjennom 35 år, Tage Mortensen.
Skuldingane kjem kort tid etter at Politiken avdekka, det som blant anna blir kalla eit «mega-seksualisert miljø» under koret sin sjefsdirigent frå 2001 til 2010, Michael Bojesen. Han trakk seg frå sine poster i Statens Kunstfond etter skuldingane.