NRK Meny
Normal

– Dette stykket inneheld essensen av all musikk

– Om all god musikk skulle samlast i ein drope, ville det blitt akkurat slik, seier Thom Hell om Arvo Pärts stykke «Spiegel im Spiegel».

Thom Hell

Arvo Pärt, Sergej Rakhmaninov og Dmitri Sjostakovitsj er mellom dei klassiske komponistane Thom hell set størst pris på.

Foto: Kim Erlandsen / NRK

Songaren og låtskrivaren Thomas Helland, best kjend som Thom Hell, er den femte i serien med norske artistar som anbefaler klassisk musikk i sommar.

Les: – Bachs musikk er catchy

Interessa for musikk, både klassisk og annan, hadde for Thom Hell utspring i ei intens filminteresse då han var gut.

– Dei første skivene eg kjøpte, var filmmusikken til Indiana Jones og liknande, seier han til NRK.no.

– For meg utgjer filmmusikken 50 prosent av filmopplevinga, den er enormt viktig. Dei store filmkomponistane har tydeleg lånt mykje frå til dømes Gustav Mahler – når eg høyrer på symfoniane hans, kjem det ofte parti som kunne vore teke rett ut av ein Star Wars- eller Indiana Jones-film.

Her kan du høyre John Williams' marsj til Indiana Jones-filmane:

(John Williams dirigerer Boston Pops Orchestra)

– Du må ha levd ei stund for å skrive så bra musikk

Det er først dei fem-seks siste åra Thom Hell har fordjupa seg innan klassisk musikk og kjøpt plater innan sjangeren. Ein av komponistane som har gjort sterkast inntrykk på 35-åringen er den estiske komponisten Arvo Pärt (f. 1935).

– Arvo Pärt sitt «Spiegel im Spiegel» er eit heilt fantastisk, minimalistisk musikkstykke, seier Hell.

– Her har komponisten funne essensen av all musikk. Om all god musikk skulle samlast i ein drope, ville det blitt akkurat slik.

Pärt skreiv stykket, som er for fiolin og piano, som 43-åring i 1978. Hell meiner det ber preg av å vere skrive av ein svært moden komponist:

– Du må ha levd ei stund for å skrive så bra musikk som dette, ein heilt ung person kunne ikkje ha gjort det. Det krevjer så mykje sjølvsikkerheit, og det skin gjennom at komponisten veit kva han er god for.

Her kan du høyre Arvo Pärts «Spiegel im Spiegel»:

(Spelt av Vladimir Spivakov på fiolin og Sergej Bezrodny på piano)

Les: – Denne heldt meg inne heile våren

Les: – Songen har nok drama til ein romantisk Hollywood-komedie

Les: William Kristoffersen anbefaler klassisk

Skreiv hyllest til Rakhmaninov

Den komponisten som har påverka Thom Hells eigen musikk mest direkte, er Sergei Rakhmaninov (1873-1943):

– Eg er veldig glad i Rakhmaninovs musikk, særleg den andre og tredje pianokonserten. Den siste delen av tittelsporet på albumet «All Good Things» er mitt audmjuke forsøk på å etterlikne Rakhmaninov, med god hjelp frå arrangør Jan Martin Smørdal.

Her kan du høyre Thom Hells hyllest til Rakhmaninov:

Her kan du høyre starten av Rakhmaninovs andre klaverkonsert:

(Spelt av Leif Ove Andsnes med Berlin-filharmonien dirigert av Antonio Pappano)

– Ein må pine seg litt før det fine kjem

Rakhmaninovs musikk er oftast velklingande, men Thom Hell set også pris på musikk som ikkje er umiddelbart iøyrefallande. Det kan til dømes vere tilfelle med musikken til Rakhmaninovs russiske landsmann Dmitri Sjostakovitsj (1906-1975).

– Det er berre bra å måtte jobbe litt før ein får «payoffen». Når ein høyrer på Sjostakovitsj sine symfoniar, må ein liksom pine seg gjennom ein del som er ikkje er særleg melodiøst før det løyser seg opp og blir heilt nydeleg i løpet av nokre sekund. Det er kontrastane som er så flotte.

Her kan du høyre eit kontrastfylt utdrag frå Sjostakovitsj' 10. symfoni:

(Spelt av London filharmoniske orkester dirigert av Andrew Litton)

– Musikk som røskar tak i meg

Thom Hell er likevel ikkje avhengig av at det kjem fine parti som ein kontrast til det meir krevjande:

– Dei drygaste tinga eg høyrer på, som musikken til Krzysztof Penderecki (f. 1933), er ikkje popfint nokon stad, men eg likar å høyre det likevel, seier Thom Hell.

– Når eg til dømes høyrer Penderecki-musikken som vert brukt i filmen The Shining, røskar den tak i meg, den påverkar meg fysisk på same måten som når eg høyrer på Metallica. Men ein må vere i form til det, det passar dårleg å høyre på dette når ein akkurat har blitt dumpa av dama, til dømes. Eller kanskje det er då det passar aller best?

Her kan du høyre Pendereckis Trenodi:

(Spelt av Polsk radiosymfoniorkester dirigert av Krzysztof Penderecki)