Hopp til innhold

Teoriane som nekter å døy

Kva skjedde eigentleg 11.septemer 2001? Konspirasjonsteoriar har gitt oss mykje god underhaldning. Men slike teoriar har òg kosta mange menneskeliv.

World Trade Center i USA
Foto: Arkivfoto:SPENCER PLATT / Scanpix

Hør: Konspirasjonsteoriar

Mysteriet som nektar å døy

Kven drepte John F. Kennedy? Omstenda kring attentatet i Dallas 22. november 1963 er framleis innhylla i eit slør av mystikk. Lee Harvey Oswald, som blei arrestert for drapet, blei sjølv skoten og drepen to dagar etter. Visste Oswald for mykje? Stod nokon andre bak?

John F. Kennedy blir skutt

Kven drepte eigentleg John F. Kennedy?

Oswald tilstod aldri noko, og i ettertid er det spekulert i om Fidel Castro, Sovjet, mafiaen, FBI eller CIA stod bak attentatet. Det er brukt mykje tid og ressursar på å diskutere og undersøkje desse spekulasjonane. Men bør ein i det heile tatt bruke energi på slikt?

I Norgesglasset denne veka, kan du kvar dag høyre om nokon av dei mest spesielle konspirasjonsteoriane.

Ei plikt å vere skeptisk

Asbjørn Dyrendal og Øystein Sørensen

Asbjørn Dyrendal og Øystein Sørensen

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

- Nokre konspirasjonsteoriar er så skadelege at forskarar har ei plikt til å imøtegå dei. Det seier Øystein Sørensen, professor i moderne historie ved Universitetet i Oslo, og ein av dei mest profilerte skeptikarane i Norge.

- Som historikar kan eg nevne benektinga av Holocaust. Idèen om at nazistane ikkje drepte 6 millionar jødar, at det er ein myte jødane sjølve og deira allierte har skapt er ei ondsinna og skadeleg forestilling. Historikarar som jobbar med denne perioden er pliktige å vise kva for slags sludder slike teoriar er.

Øystein Sørensen seier ulike diktatorar har brukt konspirasjonsteoriar for å nå sine mål, bevisst eller ubevisst. Han seier til dømes Hitler var overtydd om at jødane var livsfarlege. At dei måtte fjernast før dei gjennomførte samansverginga dei planla mot det tyske folk. Resultatet blei folkemord.

Eit forsøk på å forstå verda

- Eit viktig element i konspirasjonsteoriar er at dei hjelper nokon til å forstå verda så den gir meining, ei meining som helst fritek ein sjølv for skulda. Teoriane fyller eit behov ein har, eller eit behov som oppstår i møtet med angst for samfunnet rundt seg. Det seier Asbjørn Dyrendal, fyrsteamanuensis i religionsvitenskap ved NTNU og redaktør i Skepsis.no.

Ein konspirasjonsteori prøver å forklare ei hending, prøver å peike på kva årsaker som ligg bak hendinga. Resultatet er gjerne ei hemmeleg, ondsinna samansverging som utgjer ein trussel for samfunnet, ein teori som utgjer eit alternativ til den offisielle forklaringa, som blir skulda for å vere ein del av samansverginga.

Kan ein bli for skeptisk?

Medan dei mest altomfattande eller underlege konspirasjonsteoriane får oss til å riste på hovudet, så får andre oss til å spisse øyrene litt. Kan det hende det er noko i det? Og nokre konspirasjonsteori viser seg å stemme.

Risikerer ein ikkje å avvise nødvendig samfunnskritikk om ein tek alle slike teoriar for å vere tøys og tull?

- Jo, heilt klart. Å kalle noko for ein konspirasjonsteori er ikkje nok, - det viser ikkje at teorien er ufundert. Ein må vise tydeleg og konkret kva som er gale med teorien. Å setje merkelappen 'konspirasjonsteori' på noko er eit maktmiddel som blir brukt mot heilt legitim samfunnskritikk, seier Asbjørn Dyrendal.

Me blir nok aldri kvitt konspirasjonsteoriane. Det er begge forskarane einige om. Dyrendal seier det høyrer med til korleis me tenkjer om mennesker:

- me gjenkjenner at mennesker har intensjonar som ikkje alltid er gode, og derifrå er det ikkje eit langt skritt til det å lage konspirasjonsteoriar om mange ting. Slike teoriar er noko me alltid vil ha med oss, og me må jobbe jamt og trutt imot dei.

Kjende konspirasjonsteoriar:

Denne veka skal Norgesglaset sjå nærare på nokre av dei mest kjende og seigliva konspirasjonsteoriane.

- Har ein mektig, hemmeleg organisasjon stått bak alt som har skjedd dei siste tusen åra? Er det nokre få som kontrollerer oss alle, med det målet å få all makt?

- Alt i 1921 blei det bevist at 'Sions vises protokoller' er falske, at tsaren sitt hemmelege politi stod bak dokumentet som viser at jødane planlegg å ta over verdsherredømet. Kvifor lever denne teorien i beste velgåande den dag i dag?

- Er verda styrt av romøgler? Er dronning Elizabeth sjefsøgla? Er George Bush eit resultat av ein gammal, utanomjordisk rase sin paringsleik med utvalde mennesker?

- Kva skjedde egentleg 11. september 2001? Kvifor har så mange så vanskeleg for å tru på den offisielle forklaringa?

Norgesglasset NRK P1

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.