Hopp til innhold

Han har tannlegeforsikra fingrane

– Den beste måten å øve opp ein brekt finger på er å spele fiolin, seier Noregs fiolinvirtuos nummer éin. Arve Tellefsen er tilbake i form til Oslo Kammermusikkfestival.

Arve Tellefsen med fingerbrot

Arve Tellefsen med fingerbrot

Når Noregs største fiolinist brekk fingeren, veltar det om på mange planar og arrangement. Men det var aldri i tankane til Arve Tellefsen at han skulle gå glipp av sitt eige hjartebarn, Oslo Kammermusikkfestival, som går av stabelen i august.

Etter at Tellefsen snubla i trappa og brekte veslefingeren, måtte han gå med gips i tre veker - og fekk ikkje lov til å spele fiolin i det heile tatt.

– Til å byrje med tenkte eg: «Det var deilig, no får eg litt fri, utan å ha dårleg samvit.» Men etter tre dagar var det nitrist, då sakna eg fiolinen veldig. Det var tre veldig lange veker, seier han.

Sjå video over: Slik høyrde det ut på første gjennomspeling etter skaden.

– Eg trur musikarar saknar instrumentet sitt ganske fort, slik var det i alle fall for meg. Når ein har halde på eit heilt liv, fem-seks timar kvar dag, er det noko som manglar dersom instrumentet plutseleg er borte.

– Korleis artar saknet seg?

– Ein blir rastlaus - kvar er fiolinen? Ein kjenner seg naken utan fiolinen i hendene. Det var både ei fysisk og psykisk påkjenning, seier Tellefsen.

Sikker på å kome tilbake

Men fingrane, som spelar dei vakraste stykker og får folk til å bla opp for billettar, er ikkje forsikra på same vis som beina til fotballspelarar.

– For 100 år sidan trur eg at eg forsikra dei, men det var ei slags tannlegeforsikring, slik at veslefingeren var ingenting verdt. Det var tommel- og peikefingeren som var noko verdt, elles var det dårleg. Fiolinistar brukar jo også veslefingeren, vi brukar alle fingrane, vi.

– Så du har forsikra hendene dine veldig godt?

– Veldig dårleg! ler han.

– Men eg tenkte ikkje på det når dette skjedde. Eg var så sikker på at eg skulle kome tilbake og spele.

– Er de musikarar for dårlege til å forsikre dykk? Sportsfolk gjer jo dette heile tida.

– Ja, men sportsfolk tener mykje meir enn oss, så dei er vel nøydde til å forsikre seg. I tillegg er støtteapparatet mykje større på idrettssida enn på musikarsida. Dei fleste trur eg ikkje har forsikra seg så mykje, av musikarar. Vi tar sjansar.

LES OGSÅ:

(Artikkelen held fram under biletet)

Arve Tellefsen

Arve Tellefsen er tilbake etter tre veker med brekt finger.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

I rute før festivalen

Då uhellet var ute, brukte han tida til å sjå på TV, lese aviser og vere saman med døtrene sine. Han tenkte aldri på at han skulle gå glipp av Oslo Kammermusikkfestival.

– Den beste måten å øve opp ein brekt finger på, er å spele fiolin. Så eg har anbefalt alle som skulle brekke fingrane om å byrje å spele fiolin, seier han humoristisk.

I 1989 stifta han Oslo Kammermusikkfestival, der han framleis er kunstnarisk leiar. På programmet i år står den unge bratsjspelaren og vinnaren av «Virtuos», Eivind Holtsmark Ringstad, samt store stjerner som Ole Edvard Antonsen, Truls Mørk, Håvard Gimse og Vilde Frang.

– Festivalen betyr mykje for meg, og eg håpar den betyr mykje for publikum også. Aldersforskjellen er stor, vi har med fiolinistar heilt ned i 10-11 årsalderen. Vi synest det er viktig å ha med framtida i musikklivet, seier Arve Tellefsen.

Sjølv er han godt i rute framfor festivalen.

– Fingeren er blitt betre enn før, den.

Oslo Kammermusikkfestival går føre seg mellom 10.-18. august.

LES OGSÅ:

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.