Hopp til innhold

Telenor-eigd selskap blokkerer Putin-kritikere

Telenor beskyldes for å kneble demokrati og menneskerettar i Russland, etter at selskap dei er deleigar i har vore med på å stenge Putin-kritiske nettsidar og ein TV-kanal. Me ser problemet, svarer Telenor.

RUSSIA-TV/DISPUTE Police detain a participant during a protest against the threat of closure to television station Dozhd in Moscow

ARRESTERT: Denne mannen blei arrestert då han protesterte mot at Beeline og andre kabelselskap kutta tilgangen til TV-kanalen Dozhd. Dozhd var den siste store frie og kritiske kanalen i Russland.

Foto: TATYANA MAKEYEVA / Reuters

Blant andre har nettsida til Magnus Carlsen sin ven og hjelpar Garry Kasparov blitt sperra av selskapet. Kasparov er tidlegare verdsmeister i sjakk og ein kjent Putin-kritikar.

Telenor eig 33 prosent av Beeline, selskapet som stod bak blokkeringa.

– Dette er alvorleg og stikk i strid med det Telenor står for: Å kunne kommunisere og ytre seg. Me høyrer frå den norske regjeringa og selskapet sjølv at dei er viktig for å fremje ytringsfridom. Her er dei direkte med på å avgrense ytringsfridomen og bryt menneskerettane, seier Gunnar Ekeløve-Slydal, assisterande generalsekretær i Helsingforskomiteen.

Frå før er Telenor og russiske VimpelCom, som det norske selskapet er deleier i, under gransking for korrupsjon i Usbekistan.

Også VimpelCom har vore sentral i å stenge nettsider.

Blir kalla ekstremisme

Damir Gainutdinov

-PROTESTER: Damir Gainutdinov krev at Telenor protesterer på stenginga av opposisjonelle nettsider: – Denne praksisen er nå i Den europeiske menneskerettsdomsolen.

Foto: Øystein Windstad

Kontrollen av internett har blitt sterkare i Russland i år fordi det har kome nye lover. Lovene blir brukt mot dei som er kritiske til president Vladimir Putin og hans regime.

Frå offisielt hald heiter det at lovene har kome for å hindre spreiing av overgrepsvideoar av barn og promotering av narkotika, blant anna.

Men lovene seier også at det myndigheitene definerer som ekstremisme og oppfordring til ulovlege demonstrasjonar kan blokkerast.

– Mine kollekager i Agora ser at minst 100.000 nettsider har blitt blokkerte dei siste to åra, fortel Damir Gainutdinov.

Han er advokat i den russiske menneskerettsorganisasjonen Agora, som vann Raftoprisen i haust.

Saka fortset under biletet.

Russia TV Station Trouble Mikhail Zygar

BLOKKERT: Dozhd var Russlands nest største TV-kanal og er no stengt ute av kabelnettet av Telenor-eigde Beeline.

Foto: Alexander Zemlianichenko / Ap

Sperra siste frie kanal

Gunnar Ekeløve-Slydal

-HAR ANSVAR: Gunnar Ekeløve-Slydal krev at Telenor sørga for at det blir protestert mot stenginga av TV-kanalar og opposisjonelle nettsider i Russland.

Foto: Den norske Helsingforskomité

Den siste store frie og kritiske TV-kanalen i Russland, Dozhd, blei stengt frå kabelnettet tidlegare i år. Kanalen fekk blant anna «Presseprisen 2014» av Fritt Ord i år.

Stenginga skjedde ved hjelp av VimpelCom og deira kabelleverandør Beeline.

Gunnar Ekeløve-Slydal i Helsingforskomiteen er sterkt kritisk til at det Telenor-deleigde selskapet kutta kabelsignalet.

– Her har dei vore med å stenge Russlands nest mest sette TV-kanal og dei har gjeve etter for presset frå myndigheitene alt for lett. Det var andre internett og kabeloperatørar som faktisk sa nei til å stenge kanalen. Det finst eksempel på at det var mogleg å si nei til myndigheitene sine krav, seier han.

Nettet var fristad i Russland

Advokat Damir Gainutdinov i Agora seier at kampen om internett er svært viktig for eit demokratisk Russland.

– Putin har no kontroll på TV, radio og aviser. Internett er det siste frie rommet der ein kunne ytre seg fritt og sei det ein meiner, seier han.

– Eg håpar at det norske folket vil påverke Telenor til å legge press på VimpelCom. Det vil vere ei katastrofe for ytringsfriheita og demokratiet om internett no vil bli underlagt total kontroll, fortset advokaten.

– Bryt grunnlova

Både Helsingforskomiteen og menneskerettsganisasjonen Agora meiner blokkeringa Putin-regjeringa gjer ved hjelp av teleselskapa bryt den russiske grunnlova.

– Dette er eit klart brot på russisk lov, og sperringa av nettsider gjort av teleselskap som VimpelCom er no oppe i Den europeiske menneskerettsdomstolen. Då den same sperringa blei gjort i Tyrkia av Erdogan tapte han i menneskerettsdomstolen, og det vil Putin gjere også, seier Damir Gainutdinov.

Telenor

IKKJE INTERVJU; Telenor ville ikkje stille til intervju om stinginga av nettsider og ein TV-kanal i Russland og svarap å mail. På bildet konsernsjef i Telenor, Jon Fredrik Baksaas.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix
RUSSIA/ A man speaks on the phone near an office of Beeline, the brand owned by mobile phone operator Vimpelcom, in Moscow

VIL IKKJE SNAKKE: Vimpelcom ville heller ikkje stille til intervju og svara på mail.

Foto: MAXIM SHEMETOV / Reuters

Agora er ei foreining av advokatar som kjempar for menneskerettar og demokrati.

I ein del av desse blokkeringane går myndigheitene ikkje til ein domstol og trenger ingen rettsleg kjenning eller dom for å blokkere nettsidene med dei nye lovene. Dei kontaktar internettleverandørane og så er sidene sperra på få minutt.

Telenor lovar å følge opp

Telenor ønska ikkje å stille til intervju, men sende denne kommentaren på mail:

«Telenor anerkjenner at dette er et vanskelig spørsmål, og ytringsfrihet og personvern har høy fokus hos Telenor.

Dette jobber vi med både internt og gjennom engasjement i eksempelvis Telecom Industry Dialogue on Freedom of Expression and Privacy.
Vi presiserer likevel igjen at Telenor er ein minoritetsaksjonær i VimpelCom.

Som således har vi ved flere anledningar diskutert spørsmål knytt til respekt for menneskerettigheter med VimpelCom, inkludert ytringsfrihet og personvern. Vi kommer til å fortsette å følge opp VimpelCom på dette området».

– Gjer som myndigheitene krev

Telenor eig 33 prosent av VimpelCom, men har stemmerett i selskapets styre for 43 prosent. VimpelCom valde også å svare på epost til NRK:

«Alle teleoperatørar i Russland må blokkere nettsider for å følge dei lovbaserte dommane frå det russiske rettsstellet. VimpelCom følger dei lokale lovene i alle dei landa me opererer».

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober