I Frankrike har det vore stor etterspurnad etter den nyaste Charlie Hebdo og køar i gatene utanfor bladkioskane. Utgåva som kom i dag har blitt utseld. Det er nettopp denne store rifta etter satiremagasinet som enkelte no prøvar å tene store summar på over nettet.
Nettauksjon
I dag kom den første utgåva av humorbladet etter terroranslaget mot redaksjonen der tolv menneske blei skotne. Det blei trykka opp tre millionar eksemplar og magasinet skal oversettast til tolv språk.
Etter at satiremagasinet no har blitt utseld så melder redaksjonen at dei kjem til å trykke opp to millionar eksemplar ekstra, til saman fem millionar. På nettsida ebay.com så ligg den nyaste utgåva ute til sal for 4.600 kroner. Det er fleire brukarar som har lagt ut bladet til sals på ebay og prisane startar på rundt 1000 kroner.
Twitterstorm
Det er ikkje alle som er like begeistra for at nokon ønsker å tene pengar på Charlie Hebdo no. Dagbladet skriv at dette har ført til Twitterstorm der fleire meiner at det er usmakleg å sko seg på terroren og drapa.
Fleire på Twitter skriv at dette er ein skandale og heilt usmakeleg med tanke på drapa og terroren som er bakteppet for utgåva som kom i dag. Redaksjonen har sagt at inntektene av det offisielle salet skal gå til familiane til dei drepne.
– Feil å spekulere
Leiaren av trykkeriet til Charlie Hebdo seier til AFP at alle skal magasinet og at folk må vere tolmodige:
– Dei tilsette i Charlie Hebdo vil ikkje at utgåva skal bli noko det blir spekulert i, noko folk tener pengar på. Magasinet har lova at dei skal fortsette å trykke heilt til alle har fått, seier han til AFP.
Det har blitt jobba med å få Charlie Hebdo til Norge. Etter det NRK kjenner til er det snakk om 200 eksemplar som kan bli seld på Narvesen.
Om bladet kjem til Norge er det uklart når. Det vil ikkje kome i dag, men det er mest truleg det kjem torsdag eller fredag. Folk over heile verda vil også kunne kjøpe Charlie Hebdo digitalt som PDF.