Utstillinga til kunstnar Lars Elling, «Blindkontur», opna i dag på Galleri Brandstrup i Oslo. Der kan ein mellom anna sjå måleriet frå då faren hans låg på dødsleiet.
Elling sat ved sengekanten på sjukehuset og teikna han samstundes som han visste at dette var slutten.
– Det var veldig vanskeleg emosjonelt sjølvsagt, men eg sat ved senga hans heile tida og teikna teikning etter teikning.
Han fortel at denne utstillinga truleg er den viktigaste han har hatt.
– Krenkande og skuffande
Elling opplever brei støtte blant familie og vener, men enka Ida Skard er svært kritisk til måleriet. Ho ønsker ikkje å stilla til intervju, men svarer NRK via e-post.
– Eg har forståing for at Lars kan ha behov for å uttrykka seg på sin måte som kunstnar og son. Men ved dødsfall i nær familie vil det ofte vera fleire involverte som har andre perspektiv. Slik er det også i denne saka, skriv ho.
Skard var ikkje kjent med bildet før ho tilfeldigvis kom over det i mars i år.
– For meg dreier dette seg mest om etikk og moral i forhold til ein person som ligg i koma på dødsleiet, og som ikkje er i stand til å verken sei ja eller nei til å bli avbilda på denne måten.
–Steinar var ein glad og open person. Etter å ha levd saman med han i meir enn 25 år er mi klare oppfatning at det også er sånn han ønska å bli hugsa. Eg opplever derfor det heile som svært krenkande, leit og skuffande både overfor Steinar og meg sjølv, skriv ho.
Elling sjølv meiner Skard tar feil.
– Faren min var ein kunstinteressert, open og nysgjerrig mann som ikkje skugga unna vanskelege og tragiske ting. Han ville vore stolt av portrettet og seg sjølv, seier han.
Årelang tradisjon
Elling peikar på at det å mala sine næraste døyande er ein årelang kunsthistorisk tradisjon.
Ein av dei fremste samtidskunstnarane i Noreg, Håkon Bleken, malte også faren sin då han døydde. Han ser ikkje at det er uetisk.
FASINERANDE: Bleken fortel at han valde å mala faren mellom anna fordi at motivet var fasinerande og at lyssettinga var fin.
Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK– Det er mange kunstnarar som har gjort det, eg kan ikkje skjønna at det skal vera uetisk. Eg synest det er ein veldig fin tradisjon, seier Bleken.
I jusen finst det ingen avgrensingar når det gjeld å offentleggjera måleri eller teikningar av personar, ifølge jusprofessor Olav Torvund ved UiO.
– Ein står fritt til å mislika det, men ein har rett til å gjera det. Det er vel eigentleg ingen som eig ettermælet av ein person, seier han.
Han legg til at det er annleis når det er snakk om eit fotografi og at ein ikkje kan offentleggjera dette utan samtykke av personen som er avbilda. Dette kan vera komplisert ved dødsfall.
– Men når det gjeld eit måleri og det ikkje er eit bestilt portrett, står kven som helst fritt til å gjera det, seier Torvund.
INNANFOR: Jusprofessor Olav Torvund ved UiO seier at han ikkje kan sjå at reglar eller personvern er brote i dette tilfellet.
Foto: Christian Ziegler Remme / NRKViktig utstilling
For Elling som var i gang med ei utstilling, stoppa kreativiteten opp då faren brått døydde.
– Plutseleg kom døden og overrumpla oss alle saman. Då visste eg at eg måtte reagera på situasjonen og klara å skildra det. Som bildekunstnar må ein reflektera det ein ser og opplever, og no var det dette som skjedde. Det var heilt nødvendig å gå djupt inn i det.
Fordi at det var så vanskeleg å måla emosjonelt og reint teknisk, måtte han utsetja utstillinga til han fekk til portrettet på dødsleiet.
Han ser ikkje det etiske problemet som Skard peikar på, fortel han.
– Døden er jo forferdeleg og uhandterleg, men flau og skammeleg er han slett ikkje. Det verkar veldig eksentrisk og rart å skulla døy. Men det verkar så velkome, allment og hyggeleg å skulla bli født. Og dei to tinga eksisterer heilt side om side.
– Du spurde han aldri «kan eg få lov til å mala deg når du er døyande»?
– Det skjedde så fort, det var eit fritt fall frå ei klippe. Han gjekk frå ein relativt frisk og veldig livsglad ung fyr på 78 til å vera heilt død i løpet av nokre få veker. Me rundt blei sittande med sjokket, seier Elling.
Han er ikkje i tvil om at han gjorde rett i å måla faren.
– Mi subjektive oppfatting av den dødsscena er det eg som eig heilt og fullt. Men alle kan ta del i ho ved å sjå ho her.
STØTTE: Elling fortel at søskena hans og faren sine søsken er fornøgde og støttande.
Foto: Christian Ziegler Remme / NRK