Hopp til innhold

Liv Ullmann: – Vi har ikkje råd til å kaste bort Oslo Nye Teater

Oslo Nye Teater slit økonomisk. I dag møtte fleire hundre menneske opp for å slå ein fysisk ring rundt hovudscenen på teateret.

Liv Ullmann

DEMONSTRASJON: Liv Ullmann deltok i protest framfor Oslo Nye Teater.

Foto: NRK

Oslo Nye Teater har eksistert i si nåverande form sidan 1959. Liv Ullmann troppa fredag opp for å vise si støtte til teateret, som også er hennar debutteater.

– Eg er her i dag først og fremst som tilskodar. Viss eg ikkje kan kjenne stoltheit over at vi har ein stad her i Oslo som heiter Oslo Nye Teater, så vil eg bli fattigare. Vi har ikkje råd til å kaste bort Oslo Nye Teater, seier Liv Ullmann til NRK.

Engasjementet for den eine av tre offentlege teaterinstitusjonar i Oslo har vore stort etter at det vart kjent at Oslo Nye Teater risikerer å gå konkurs innan sommaren er over. Det er Oslo kommune som er eigar av teateret.

Les også Krisen ved Oslo Nye: Alt unntatt Trikkestallen kan bli lagt ned

BARNETEATER: Dukketeatret på Trikkestallen i Oslo er en av de viktigste scenene for Oslo Nye Teater, og de har blitt bedt om å utrede et alternativ med dette som eneste arena. Her fra "Mio, min Mio".

Ei gruppe tilsette ved teateret tok initiativ til markeringa fredag der målet var å samle mange nok folk til å danne ein menneskeleg ring rundt hovudscena.

Demo utenfor Oslo Nye

Fleire hundre møtte opp for å markere at dei er mange som ikkje aksepterer at teaterinstitusjonen står i fare for å bli lagt ned.

Foto: Petter Larsson / NRK

Det tradisjonsrike teateret har i lang tid hatt pengetrøbbel. Grunnen er etterverknadar etter pandemien.

Viss det ikkje er ei finansieringsløysing på plass innan 30. juni, står teateret i fare for å gå konkurs.

– Ei alvorleg framtid for teateret slik vi kjenner det

Fredag var Oslo Nye Teater i møte med Byråd for kultur og næring i Oslo kommune om situasjonen for teateret.

Kulturbyråd Anita Leirvik North (H) seier dei vil forsøke å forhindre at teateret går konkurs.

– Eg er veldig oppteken av at teateret ikkje skal gå konkurs, det er det vi først og fremst jobbar for nå, og så må vi sjå på korleis teateret skal sjå ut framover, seier Leirvik North.

– Kva alternativ har de utfordra teateret til å sjå på?

– Vi har utfordra dei til å sjå på ein reduksjon i driftsstøtta til teateret og til å sjå på vidare drift med berre Trikkestallen.

Men for teateret er det uaktuelt å drive vidare berre med Trikkestallen, som er ein av dei tre lokasjonane teateret held til på.

– Det vil vere det same som at Oslo Nye Teater slik vi kjenner det i dag ikkje vil vere der. Det vil vere ei alvorleg framtid for teateret, seier styreleiar for teateret, Kari Spjeldnæs.

– Vi har forståing for at vår eigar ønskjer å greie ut alternative modellar for Oslo Nye Teater, og det skal vi bidra til, seier direktør ved Oslo Nye, Jan Beckmann.

Ifølge direktøren har teateret alt kutta store kostnadar, og det er planar for vidare kostnadskutt.

– Teateret er godt i gang med å innføre ein ny driftsmodell. Vårt ønskje er at vi får høve til å jobbe vidare med denne. Den jobben treng tid for ein ryddig prosess.

Natalie Bjerke Roland som Evita ved Oslo Nye Teater

Nær 19 000 fant vegen til Oslo Nye Teater for å sjå «Evita» med Natalie Bjerke Roland i hovudrolla.

Foto: Lars Opstad

– Skremmande for heile scenekunstfeltet

Teatret har 100 tilsette og hundrevis av frilansarar som er knytt til teateret.

Skodespelar Andrea Bræin Hovig har arbeidd ved teateret ved fleire høver som frilansar. Som 12-åring debuterte ho som dansar i ei førestilling på hovudscena til nyskriven musikk av Arne Nordheim.

– Dette er sjølvsagt fullstendig uforgløymeleg og betydningsfullt for meg personleg.

Bræin Hovig meiner Oslo Nye Teater har turt å vere noko anna enn dei andre institusjonsteatera i hovudstaden, og at det difor er uunnverleg.

– Eg opplever at Oslo Nye utrøytteleg har ønska å hegne om musikkteater og komediar. Også i tider då dette har blitt sett på som feil eller umoderne.

Samstundes, påpeikar ho, har dei ulike teatersjefane forsøkt å bryne sitt trufaste publikum med andre typar oppsettingar. Og teaterkjellaren fungerer tidvis som ein stad der skodespelarane kan teste ut ting framfor eit begeistra publikum.

– Dette at Oslo Nye nå er trua er skremmande for heile scenekunstfeltet. Eg håper vi kan stå saman, seier Bræin Hovig.

Johannes Joner som IQ i «Snøfall» på Oslo Nye Teater

Johannes Joner som IQ i Oslo Nye Teater si oppsetting av «Snøfall»

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

– Ein del av hjartet i byen

Johannes Joner, kjent for sine ikoniske roller som IQ i «Snøfall» og Doktor Proktor i «Doktor Proktors Tidsbadekar», blei tilsett ved teateret i 1988.

– Eg kjenner eigentleg at eg er dritforbanna nå. Eg er så lei av å stå med lua i handa og be om å få drive dette teateret i denne byen.

Teaterveteranen meiner Oslo Nye er ein eigen liten by med mange ulike faggrupper som snikkarar, sveisarar, målarar, teknikarar, sminkørar, kostymesyarar osv.

– Kulturinstitusjonar, slik som Oslo Nye, er ein del av hjartet i byen. Oslo er ein by for heile landet, også for tilreisande frå inn- og utland. Vi må ta vare på kvaliteten, tradisjonen og fagfolka vi har, seier Joner.

Kulturstrøm

  • Kevin Costners western-oppfølger er trukket fra kino

    Filmen «Horizon: An American Saga-Chapter 2» skulle på kinolerretet i august, men slik blir det ikke.

    En talsperson for New Line Cinema sier til nyhetsbyrået AP og New York Times at oppfølgerfilmen ikke har premiere den 16. august likevel fordi man ønsker at publikum skal få større mulighet til å oppdage den første delen av «Horizon» i uken som kommer.

    Den første delen av filmen hadde premiere i slutten av juni og landet kun på en tredjeplass på kinolista i USA etter åpningen.

    Det kvalifiserte til betegnelsen flopp.

    Filmserien har hatt en prislapp på svimlende én milliard kroner. Over 400 millioner av disse har regissør og hovedskuespiller i filmen, Kevin Costner bladd opp fra egen lomme.

    Costner har ikke selv uttalt seg om utsettelsen av oppfølgeren.

    Hovedrolleinnehaver Kevin Costner har også skrevet, produsert og regissert «Horizon: An American Saga - Chapter 1».
    Foto: © 2024 Territory Pictures
  • – Kom til Norge for å danse løs

    – Iført kun en beige, lårkort bodysuit, skulderlang brun parykk og knehøye stiletthæler byr hun på utfordrende, sensuelle og på langt nær akrobatiske bevegelser. Til stor jubel hver gang hun nærmer seg en spagat, eller setter seg ned og twerker, skriver P3-kritiker Sofie Martesdatter Granberg om Doja Cat-konserten på Slottsfjellfestivalen torsdag kveld.