Kaleidoskopiske diktmønster
Det var litteraturmeldaren i avisa "Nordlys" som fekk meg til å minnast alle dei spanande mønstra ein kunne sjå ved hjelp av speglane i barndomens leikety, kaleidoskopet. Og slik framstår mange av dikta i samlinga, "Solis". Ordkrystallane blir rista til ulike formasjonar i dikt som kan vere slipt ned til berre to ord:
"Mellom fingrane"
Dikting er ein prosess
Hanne Aga, som debuterte i 1981 med samlinga, "Skjering med lys", er ein kompromisslaus lyrikar. Ho ser på kvar bok som eit nytt prosjekt der stoffet er i stadig rørsle gjennom ein prosess. Resultatet kan då bli alt frå minimalisme til lengre prosadikt.
"Eg ville komme
strøyme
som mjølk
i sår
Eg ville snakke
i skitne hender
i visne lauv
Eit ord
er eit egg
ei sol
av vatn og gull"
(frå "Solis")
Poesi-tid
Måndag 5/5-03 kl 1930
(Reprise 11/5-03 kl 0703)
Ved Harald Overå