Kva for eit dumt spørsmål er det, tenker kanskje du. Tid er jo tid, altså timar, minutt og sekund og alt det der. Men når ein tenker seg litt om, så veit ein ikkje så mykje meir enn det. Kva er eigentleg eit sekund, kor lenge varer eigentleg eit år? Og ikkje minst - kven var det som klarte å dele opp år, månader, døgn og så vidare, slik at det heile gjekk opp?
Slik heng det saman!
Jorda går rundt Sola på 365,25 døgn. Ill: NRK-arkiv
Eit år er den tida det tar for Jorda å gå rundt Sola. Samtidig som Jorda går rundt Sola, snurrar den rundt sin eigen akse. Så lang tid det tar for Jorda å snurre rundt ein runde, kallar vi eit døgn. På eit år snurrar Jorda rundt 365,25 gonger. Men i staden for at vi skal ha 0,25 døgn på slutten av kvart år, samlar vi det heile opp til eit ekstra døgn kvart fjerde år. Då er det skotår, og 366 døgn. Det blir lagt til eit ekstra døgn på slutten av februar, og februar har då 29 døgn i staden for sine vanlege 28. Kvar månad byrjar på 1 igjen. Då har Månen sånn omtrent gått rundt Jorda ein gong.
Sumerarane
Sumerarane delt inn døgnet i timar, minutt og sekund. Foto: NRK
Det var sumerarane som fann opp timar, minutt og sekund slik vi kjenner det i dag. For 3.000 år sidan levde dei i Mesopotamia. Det er det vi kjenner som Irak i dag. Dei delte døgnet inn i 24 timar, med 60 minutt kvar, som igjen bestod av 60 sekund. Men korleis visste dei kor lenge eit sekund varte? Det er vi ikkje heilt sikre på i dag. Kanskje brukte dei pulsen sin til å holde kontroll på sekunda, men det heile gjekk i alle fall opp når dei delte døgnet inn på denne måten. 24 og 60 er i tillegg tal som er lette å dele på 2, 3, 4 og 6.
Kor nøyaktig er eit sekund?
Går det an å måle sekund med timegalss? Foto: NRK
Men i dag er eit sekund målt svært nøyaktig. I dag blir eit sekund bestemt av 80 atomur som er plassert rundt i verda. Disse atomura måler vibrasjonane til eit atom som heiter Cesium. Det er bestemt at når Cesiumatomet har vibrert 9.192.631.770 gonger, er det gått eit sekund. Det er så mange vibrasjonar at det må spesiallaga utstyr til for å telle, og eit atomur klarer nettopp dette. Så når Cesiumatomet har vibrert 9.192.631.770 gonger, seier atomuret at det er gått eit sekund, og så vidare. Dette gir så nøyaktig tid at på 10.000 år går eit atomur mindre enn eitt sekund feil.