- Så lenge et menneske har lyst til å jobbe, hvorfor skal han ikke få lov til det da?, spør Egil Larsen som vart arbeidslaus og gjeldsoffer då han var godt over seksti. Han hadde eit langt arbeidsliv bak seg, og forstod ikkje at han ikkje kunne brukast lenger. Men på nittitallet var det umulig å få jobb for ein kar i hans alder.
Førstemaskinist Egil Larsen (nr. 2. frå venstre) ombord på M/S Barbara 17. mai 1960. Egil spelte både fiolin og gitar då han var i fullt arbeid, men spelelysta forsvann då han vart arbeidslaus.
Først då han hadde passert pensjonsalderen fekk han fast arbeid igjen. Og det endå han er plaga av både astma og leddgikt. No når han er sytti får han endeleg ta igjen for den tida han gjekk rundt og hadde dårleg samvit fordi han var arbeidslaus og - ikke gjorde nytte for meg , som han seier. - Du vet at når jeg begynte å jobbe etter krigen, så var det en ting vi holdt på med i hele Norge, og det var å bygge landet. Og da kunne du ikke sette deg ned med henda i lomma og si at nå skal jeg se på at de andre jobber.
Men Egil blir eldre, og må gi seg ein dag...
Radiodokumentaren laurdag 16. juni kl.10.15
måndag 18. juni kl.14.05