Den nye programleiaren har sjølv reist mykje både i inn- og utland, og er ivrig etter å vise fram nye stader i landet til sjåarane.
- Samtidig er det mange som kjenner plassar og personar vi burde besøkt. Dei vil eg gjerne snakke med for å få tips, seier ho.
Bergen med nye auge
Synnøve Hole kom til Bergen denne veka, for å ta over stafettpinnen etter Merete Jørstad frå Alta. Hole er no i ferd med å oppdage byen på nytt.
- Eg har vore i Bergen fleire gongar, men har gløymt det meste. Det er eit flott utgangspunkt! Eg ruslar rundt og ser byen med nye auge, slik ønskjer eg også å kome til Norge Rundt. Eg har lyst å reise landet rundt med eit ope sinn, seier ho.
Synnøve Hole er ny programleiar i Norge Rundt
Fantastiske kollegaer
32-åringen starta som journalist i lokalavisa Sykkylvsbladet, var innom hovudstadsavisa Vårt Land, vikarierte seinare i Sunnmørsposten, og endte opp i NRK Møre og Romsdal. Det har også blitt tid til studier ved Gimlekollen i Kristiansand, Journalistutdanning ved Høgskolen i Oslo og nokre år ved Universitetet i Oslo.
- Det er greit å ha utdanninga i basis, men det er absolutt praksisen som har lært meg mest. Det meste eg kan no takkar eg kollegaene ved NRK Møre og Romsdal for. Det er fantastisk å arbeide i eit miljø der vi dagleg debatterer språk og etikk, seier ho.
Mørk årstid
Vi står framfor ei mørk og kald årstid, dei neste tre månadene kan vere av dei tyngste for mange.
- Eg har lyst å vere med å lage eit program som kan vere eit lyspunkt. Eg ønskjer at folk skal koke seg ein kopp kaffe, fyre godt i omnen og benke seg framfor fjernsynet når Norge Rundt kjem, seier ho.