Hopp til innhold

Sykehusklovnene: – Vi må ta klovnen tilbake

– «Skremmeklovnane» får ikkje øydelegge for 15 år med viktig arbeid, seier Kristin Zachariassen.

Sykehusklovner

JUBILEUMSKLOVNER: Sykehusklovnene fyller 15 år og feirar med parade utanfor Rikshospitalet, der alt starta for 15 år sidan.

Foto: Anja Strønen / NRK

Med klovneparade feira Sykehusklovnene 15 års jubileum på Rikshospitalet i Oslo fredag ettermiddag.

Tidspunktet for klovnejubileet er ikkje spesielt godt. Den siste veka har truande klovnar, som skremmer barn og vaksne med skumle klovnemasker, erobra klovneverda og klovne-Norge.

– Kallar dei ikkje klovnar

Tidlegare i veka melde Sykehusklovnene at dei vurderte å avlyse den planlagde paraden, fordi dei ikkje ønsker å skremme folk. Men dei ombestemte seg raskt.

– Fenomenet med skremmeklovnar har ingenting med oss å gjere, vi kallar dei ikkje klovn ein gong, seier dagleg leiar Kristin Zachariassen i Sykehusklovnene.

– Vi må ta klovnen tilbake, seier ho.

Killer clown

«KILLER CLOWN»: Truande klovnar har skremt barn og vaksne i nær alle landets fylke den siste veka.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Fenomenet, som hadde sin spede start i Sør-Carolina i USA i august, har spreidd seg raskt, mykje takket vere sosiale medium som Facebook og Snapchat.

Dei fleste som har kledd seg ut som «killer clowns» har berre vore ute etter å skremme folk, men nokon har også hatt våpen, eller våpenliknande gjenstandar med seg.

Den siste veka er det meldt om truande klovnar i blant anna i Østfold, Møre og Romsdal, Oslo og Finnmark.

Men sjukehusklovnar er noko heilt anna, ifølge dei sjølve. Dei brukar ikkje masker, berre ein raud nase og sminke, og dei ser søte og snille ut.

– Målet er at klovnane skal skape eit pusterom for sjuke barn. Dei skal vere eit positivt kræsj i ein elles kvit og steril kvardag på sjukehuset, seier Zachariassen.

– Stoppar ikkje oss

Det var på Rikshospitalet det heile starta for 15 år sidan. Tove Karoliussen grunnla Sykehusklovnene i 2001.

– Dette er ein gledas dag for oss. Vi er tilbake her på «Riksen» der alt starta for 15 år sidan. Eg blir heilt rørt av å sjå alle klovnane mine samla, seier Zachariassen.

– Det at noko herjar rundt å skremmer små barn, det har ikkje stoppa arbeidet til sykehusklovnene?

– Det har vel klart å flytte fokuset litt i ein liten periode nå, men vi har valt å flytte fokuset tilbake. Det viktige arbeide som vi gjer på sjukehuset kvar dag, det har det ikkje hatt noko innflytelse på, seier Zachariassen.

Kulturstrøm

  • Tungtvann feirer 25-årsjubileum på Operaen

    I år er det 25 år siden Tungvann slapp sin første EP «Reinspikka Hip Hop».

    Det feirer de med å opptre på Operaen i Oslo.

    15. september blir det nemlig nordnorsk rap på menyen i hovedstadens storstue. Kringkastingsorkestret (KORK) blir også med på feiringen.

    I tillegg er hiphop-profiler som Petter, Jaa9 & OnklP, Lars Vaular, Oscar Blesson, Tyr, Grim Pil og Rambow invitert til jubileet.

    – Med den line-upen vi har så lurer jeg på om operaen er stor nok til å huse oss, sier Jørgen Nordeng i en pressemelding.

    – Sånn rent publikumsmessig, understreker han.

    Nordnorske Tungtvann er regnet for å være de første til å lykkes med rap på norsk.

    – Da vi begynte var det for å bevise at det gikk an. Vi følte at det meste vi hadde hørt av norsk rap ikke hørtes ut som hiphop, sier Nordeng.

    Arrangementet er i regi av Bodø2024.

    – Grunnen til at vi ønsker å gjøre det i Oslo, som den eneste produksjonen vi gjennomfører der, er at dette fenomenet funker på norsk takket være nordlendinger. Da gir det mening å ta det til hovedstaden, forteller programsjef Henrik Sand Dagfinrud

    Tungtvann opptrer på operaen 15. september
    Foto: Tarjei Krogh
  • Fleire artistar droppar Eurovision-arrangement

    Artistane Dotter og Titiyo skulle opptredd i Eurovision Village, men har no trekt seg. Det melder NTB.

    Eurovision Village er det offisielle festivalområdet knytt til Eurovision i Sverige. Der skal det vere fleire konsertar og arrangement frå 4. til 11. mai. Fleire av dei som skal opptre har trekt seg frå arrangementa.

    Bookingansvarleg for Titiyo skriv at «logistiske årsaker» er årsaka til at artisten ikkje speler. Dotter har fått fleire oppfordringar til å boikotte Eurovision på Instagram, fordi Israel deltek, skriv NTB.