Hopp til innhold

Svenska Akademien opnar for fire nye medlemer

Styret i Svenska Akademien har i dag formelt godkjent at fire medlemer, som tidlegare har sagt at dei vil forlate postane sine, får lov til å gi seg. Dermed er det opna for fire nye medlemer i institusjonen.

Klas Östergren.

Klas Östergren er ein av fire medlemer i Svenska Akademien som har fått løyve til å slutte

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Det gjeld Klas Östergren, Kerstin Ekman, Lotta Lotass og Sara Stridsberg. Stridsberg og Östergren bad om å få slutte under den noverande krisa i Svenska Akademien, medan Kerstin Ekman bad om å få slutte alt på slutten av 1980-talet.

Det gjorde ho i protest mot måten Svenska Akademien handterte bråket rundt forfattaren Salman Rushdie.

Ingen litteraturpris i år

Lotta Lotass forlèt Svenska Akademien for eit par år sidan. Årsaka var at ho ikkje kjende seg heime i miljøet rundt Akademien. Ho hadde blant anna fått kritikk for ikkje å ha vore aktiv nok i det sosiale livet.

Fire medlemer har avslutta arbeidet i Akademien, men dei har ikkje bede om å få gå ut. Det er Kjell Espmark, Peter Englund, Sara Danius og Katarina Frostenson.

Fungerande sekretær i Svenska Akademien, Anders Olsson, seier til SVT at dei no har fullt fokus på å få inn nye medlemer i rådet.

Svenska Akademien består av 18 medlemer, som blant anna avgjer kven som skal tildelast Nobelprisen i litteratur. På grunn av all uroa blir det ikkje nokon litteraturpris i år .

Store skandalar

Svenska Akademien har dei siste månadene vore prega av fleire store skandalar, og bråket har vekt stor internasjonal verksemd. Dette mykje fordi nobelprisen i litteratur blir rekna som den mest prestisjefylte i verda.

Det har vore rekna som ei stor ære å bli tilboden medlemskap i Akademien, og dei 18 medlemene har høgtideleg blir kalla «De Aderton». Berre forfattarar og andre litteratar kan blir medlemer.

Når taushet ikke er gull

Svenska Dagbladet: Arnault antastet kronprinsesse Victoria

Tid for vårrengjøring

– Kanskje den største kulturnyheten på de 31 årene jeg har fulgt Svenska Akademien

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober