The Pirate Bay-gründer ankar til EU

Ein av grunnleggjarane av fildelingssida The Pirate Bay ankar fengsels- og erstatningsdommen til EU-domstolen, etter at høgsterett i Sverige nekta han å anke.

The Pirate Bay-grunnleggar Fredrik Neij

ANKAR TIL EU: Grunnleggjaren av The Pirate Bay, Fredrik Neij, håpar EU-domstolen vil frikjenne han for brot på opphavsretten.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / Afp

Svenske Fredrik Neij blei i 2010 dømt til ti månader i fengsel i lagmannsretten, og blei nekta lov til å anke til høgsterett.

Opprinneleg blei han dømt til eitt år i fengsel, men fekk redusert straffa til ti månader.

LES: Svensk høgsterett avviser The Pirate Bay-anke

Fredrik Neijk og Peter Sunde

The Pirate Bay-gründarane Fredrik Neij og Peter Sunde frå starten av ankesaka i fjor.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / Afp

Han er dømt for å gjere det mogleg å dele opphavsbeskytta musikk og filmar på nettstaden The Pirate Bay. No ankar han saka til EU-domstolen.

46 millionar i erstatning

Med-grunnleggjarane Peter Sunde og Carl Lundstrøm blei dømt til høvesvis åtte og fire månader i fengsel, og trioen er dømt til å betale totalt 46 millionar svenske kroner i erstatning til film- og musikkbransjen for brot på opphavsretten.

The Pirate Bay blei grunnlagt i 2003, og er rekna å ha over 35 millionar brukarar.

På nettstaden kan kven som helst dele og laste ned film, musikk og dataspel utan å betale avgifter til opphavsrett.

Jonas Nilsson, advokaten til Fredrik Neji, understrekar at nettstaden har eit automatisk system for å spreie filar, som ikkje er under opphavsrettsleg vern.

LES: Dømt til å stenge pirat-nettsted

– Derned er ikkje Pirate Bay-grunnleggjarane ansvarlege for innhaldet på sida, seier han.

– Som å døme posten for ulovleg innhald i pakken

– Å dømme Pirate Bay-grunnleggjarane for brot på opphavsretten er det same som å dømme postverket for å levere ein pakke med ulovleg innhald, seier advokaten som eit eksempel.

The Pirate Bay

LOGO: The Pirate Bay-logoen er symbolet på piratkopiering.

Foto: TBC

LES: – Få jenter som laster ned fra nett

LES: Fildelerne tjener fett

– Det vil vere det same som å dømme ei kjøp- og salsside for lovbrot når nokon sel ein stolen sykkel gjennom ei annonse, held han fram.

– Saka er eigna for høgsterett

No prøvar Fredrik Neij seg på EU-domstolen for å bli frikjent sidan han blei nekta å anke til svenske høgsterett.

– Svenske statsborgarar har rett til å motta og spreie informasjon. Etter vårt syn er Fredrik Neij sin rett til ytringsfridom blitt nekta, seier Nilsson.

Advokaten er kritisk til at den svenske høgsteretten ikkje ville høyre anken i saka.

– Berre nokre få tilfelle er eigna til å anke høgsterett, og Pirate Bay-saka er eit slikt tilfelle, seier advokaten.

Kulturstrøm

  • Spektakulær, men ustø eventyrfilm

    Disneys «Mulan» kom som tegnefilm i 1998. Nå er nyinnspillingen tilgjengelig for norske seere. – En film som halter litt underveis, men som reddes inn av en storslagen eventyrfølelse og stilsikker kampsport, skriver Filmpolitiet. Terningkast 4.

    Filmen «Mulan», 2020.
    Foto: Disney+
  • Film for den katte- og juleglade

    «En julegave fra gatekatten Bob» er en oppfølger til «En gatekatt ved navn Bob» fra 2016. Som sist er filmen basert på livet til en narkoman gatemusikant som reddes av katten Bob. – Julefeelgood for katteelskere, skriver Filmpolitiet. Terningkast 3.

    BOBS SISTE HOVEDROLLE: Dette ble den siste filmrollen for gatekatten Bob, som dessverre gikk bort sommeren 2020.
    Foto: Another World Entertainment