Alt 400 år før Kristus gjekk ein gresk historikar ut og rådde bøndene til å plukke driten etter husdyra sine og nytte den som gjødsel.
Og driten var lenge veldig verdifull, men etterkvart har driten tapt terreng. Dette fortel forfattar og programskaparen Svein Haaland. Saman med Finn Tokvam og Vetle-Ivar i Radio Røynda slår han i dag eit slag for driten. Du får også høyre Vetle-Ivar definere god drittsekk-radio, og han fortel korleis han blei angrepen av onkelen då han spela på kamb.