Kjært barn, mange navn
Svarte Marja, heiter Svarte Maja på svensk, men begge land har omsett ordet frå engelsk - i England snakkar dei nemleg om Black Maria, og meiner som oss, politiet sin patruljebilBlack Maria har henta sitt namn frå Maria Lee. Maria Lee var for det fyrste svart, noko som i seg sjølv sjølvsagt ikkje er nok. Men kjeldene fortel også at ho dreiv eit sjabby hotel i Boston på byrjinga av 1800-talet der ho sjølv stod for ordensmakta - noko som trengtest både titt og ofta. For klientellet var for det meste råbarka sjøfolk.
Svarte Marja
Men som sagt ho ordna opp sjølv når sengstolpar skvatt og sjøfolka slest, då kom ho farande på politivis og kasta ut uromomenete, og det gjorde ho så ordentleg at det til slutt vart eit omgrep: "to send for Black Maria" - å senda bod på Svarte Maria. Og seinare då dei fyrste hestetrekte politivognene dukka opp, var Maria Lee framleis så sterkt i minne til folk at dei vart kalla Black Maria.
Og sidan gjekk ho altså, om ikkje verda rundt, så i alle fall nok rundt til at ho kom til oss også, og til Olsen Banden og andre som meir eller mindre fortente det.