Black is back
Det kjem kanskje ikkje som eit stort sjokk, men svart er den mest populære bilfargen, men grå ligg ikkje langt etter på lista.
Det er ei oversikt frå Opplysningsrådet for vegtrafikk som fortel at svart er den mest populære fargen.
Berre halvvegs ut i mars var det solgt 7.182 svarte personbilar, skriv e24.no.
maskuline fargar
På andre plass finn vi altså grå, med eit sal på 6.500 personbilar, etter det kjem sølv og blå.
Raud kjem heilt nede på ein 6. plass, med eit sal på 1.300 personbilar.
Produktsjef i Volkswagen i Norge, Jan Tore Kopperud fortel til e24.no at han ikkje er overraska over at det var svart som vann.
- Dei siste 20 åra har sort alltid vore populært. Fargar som kjem og går litt meir er for eksempel raud, fortel Kopperud.
Farge Antall solgte
Svart 7182
Grå 6563
Sølv 4645
Blå 3076
Rød 1314
Beige 913
Grønn 645
Ikke Oppgitt 600
Brun 363
Oransje 209
Hvit 172
Gul 117
Gull 56
Fiolett 26
Svart-Flerfarget 17
Beige-Flerfarget 3
Grå-Flerfarget 2
Grønn-Flerfarget 1
Sølv-Flerfarget 1
Gull-Flerfarget 1