Suveren siger i «Mesternes mester»

MALLORCA (NRK): Han vann fem av åtte tema i jubileumssesongen av «Mesternes mester». Også i finalen var det lite å gjere med Pål Anders Ullevålseter.

– Pål Anders er ein utruleg verdig vinnar konkurransen sett under eitt, seier Karoline Dyhre Breivang like etter at finaletapet er eit faktum.

Ho gav Ullevålseter kamp nesten heilt inn til målstreken:

– Det var veldig gøy å stå med han i ein finale, og sjølvsagt skulle eg gitt han meir kamp. Men eg gav alt, og då må eg vere nøgd.

Realitygrossisten

Verdsmeistaren i ørkenrally vart dermed den tiande vinnaren av NRK-konseptet som også i jubileumssesongen har oppnådd gode sjåartal .

I serien kjempar tidlegare toppidrettsutøvarar mot kvarandre i svært ulike konkurransar. Den som står igjen til slutt kan kalle seg «Mesternes Mester» .

Med pokalen i hånda slår Ullevålseter fast at dette likevel ikkje er det største han har opnådd:

– Det kjem nok litt ned på lista, for eg er jo europameister og verdmeister, og har køyrt Paris-Dakar og sånn. Men i realitysamanhang er nok dette det største.

For Ullevålseter har vore jamleg å sjå på norske tv-skjermar dei siste åra. Han har vore med i fleire av dei største realityseriane, og også her har han ei imponerande merittliste:

  • 2007: Siger i «Isdans» på TV2
  • 2011: Siger i «71 grader nord – Norges tøffeste kjendis» på TVNorge
  • 2013: 6. plass i «Skal vi danse» på TV2
  • 2018: Siger i «Farmen Kjendis» på TV2
  • 2019: Siger i «Mesternes mester» på NRK
Pål Anders Ullevålseter etter seieren i Mesternes Mester

MEISTEREN: Sjå intervju med Pål Anders Ullevålseter like etter at sigeren i «Mesternes Mester» er eit faktum.

Haugland fyrst ut av finalen

Hanne Haugland var den første av dei tre finalistane som måtte gje tapt. Etter to finalerundar låg ho nederste på resultatlista, og rauk dermed ut før den aller siste runden.

Hanne Haugland

FOKUSERT: Hanne Haugland førebur seg til ein av dei siste øvingane i «Mesternes Mester». Ho kallar tida på Mallorca for eit eventyr som ho er svært takknemleg for at ho fekk oppleve.

Foto: arne sørenes / nrk

– Det er heilt greit å ryke ut. Eg har overgått meg sjølv med å bli nummer tre, og er strålande nøgd med det.

Verdsmeisteren i høgde frå VM i friidrett i 1997 var eldste deltakar i den tiande utgåva av «Mesternes mester». 51-åringen hadde ikkje så veldig store forventingar før konkurransen starta:

– Eg prøvde å trene meg opp litt på førehand. Men når ein gammal kropp blir rulla i gang, så er det mange vondter her og der. Eg frykta å få ein eller annan skade tidleg, eller at eg skulle rote meg bort og stresse med konkurranser og sånt. Det er jo nesten 20 år sidan sist eg konkurrerte. I staden har eg vore med i 29 av 30 øvingar, så det er eg utruleg nøgd med.

Haugland vann tre nattestar, og slo ut både Ole Martin Årst, Lars Berger og Tom Hilde med si raske reaksjonsevne:

– Eg slo ut tre fine fyrar, og har hatt litt vondt av dei. Men reaksjonen var jo ein del av idrettstalentet mitt, og i nattesten vakna verkeleg konkurranseinstinktet til live igjen.

Sterke handballdamer

Karoline Dyhre Breivang gav Pål Anders Ullevålseter kamp heilt til døra, og har heile tida blitt omtala som ein av dei to sterkaste deltakarane i konkurransen i år. Både Dyhre Breivang og Ullevålseter kom seg til finalen utan å gå i nattest, og begge har imponert med å vere både allsidige og sterke.

Karoline Dyhre Breivang

KONSENTRERT KARO: Karoline Dyhre Breivang i djup konsentrasjon under finalen i «Mesternes Mester». Det heldt likevel ikkje heilt inn til å vinne den store pokalen.

Foto: arne sørenes / nrk

I fjor var det Gro Hammerseng-Edin som vann «Mesternes mester», og «Karo» hadde eit håp om kopiere lagvenninna frå både Larvik og landslaget i finalen. Men sjølv om Ullevålseter vart for sterk til slutt, er Karoline Dyhre Breivang klar på at bakgrunnen frå den norske kvinnehandballen kkje er den verste bagasjen ein kan ha med seg inn i konkurransen:

– Vi handballspelarar har trent allsidig gjennom heile idrettskarriera vår. Det er ein fordel her med så mange ulike øvingar. I tillegg har vi vore i ei rekkje meisterskap med mange kampar på kort tid, og det er ei god erfaring å ha med seg her også.

Tap i finalen er likevel andreplass i «Mesternes mester». Det er Karoline Dyhre Breivang stolt over å ha oppnådd. For henne har opphaldet på Mallorca vore eit eventyr frå start til mål. Menneska ho har møtt har skapt minner og vennskap som ho kjem til å ta med seg vidare i livet:

sjampis

SJAMPIS: Ein ekte meister må dusjast i champagne!

Foto: arne sørenes / nrk

– Det viktigaste eg tar med meg er dei menneska og historiene og opplevingane me har delt saman. Vi har ledd og vi har gråte, og vi har blitt svært godt kjent på ganske så kort tid. Det kjem eg til å ta med meg heim og kose meg med.

Også for Pål Anders Ullevålseter har det sosiale vore det viktigaste med «Mesternes mester». Like etter finaleseieren blir han dynka med champagne av dei andre deltakarane.

No ser han fram til ein siste kveld saman med gjengen:

– Feiringa i kveld; den trur eg blir voldsom. Den trur eg blir bra!

mesternes mester

DEN STORE POKALEN: Pål Anders Ullevålseter kan for alltid kalle seg «Mesternes Mester»

Foto: arne sørenes / nrk

Kulturstrøm

  • Kraftsalve mot egen bransje

    – Vi må samarbeide med myndighetene for å beskytte noe som er mye viktigere enn teknologi; demokratiet. Det var her før oss, og det må eksistere og fungere etter oss, sier Brad Smith, president i Microsoft i et intervju med NPRs All Things Considered. Les hele saken i NRKBeta.

    Brad Smith
    Foto: GARY HE / Reuters/Scanpix
  • Jackson-dokumentar fikk Emmy-pris

    Dokumentarfilmen hvor den avdøde popstjernen Michael Jackson beskyldes for seksuelle overgrep, har fått Emmy-prisen for beste dokumentar. I filmen forteller to amerikanske menn om hvordan Jackson angivelig misbrukte dem da de var barn.

    Leaving neverland