Hopp til innhold

Susann Goksør Bjerkrheim er fyrst ute av Maskorama: – Det har vore utruleg kult

Det var Gaupa som måtte ta av seg maska i kveld. Og det skulle vise seg å vere ingen ringare enn sjølvaste Susann Goksør Bjerkrheim.

gaupa avsølrt

Gaupa tar av seg maska og Susann Goksør Bjerkrheim dukkar opp som personen bak.

– Det har vore utruleg kult, seier den tidlegare handballproffen.

Ho innrømmer at det er fyrste gongen ho syng på ei scene.

– Eg er dum nok til å ikkje seie nei. Det var ekstremt krevjande, men også utruleg morosamt å vere med, seier ho med eit smil om munnen.

Ho fortel vidare at ingen av dei som kjenner ho hadde kome til å gjette at det var ho.

Er det nokon som har hatt mistanke? spør programleiar Silje Nordnes

– Nei, og nå slepp eg å lyge så mykje lenger, svarar ein lattermild Bjerkrheim.

Sjølv om det var kjipt å vere den fyrste rom rauk ut, gler ho seg til å sleppe å vere nervøs neste laurdag:

– Det har vore sjukt nervepirrande å halde seg i smug, og gjere ting ein ikkje kan. Men også sjukt artig, avsluttar ho.

– For ein start

I kveld var det sesongstart på haustens villaste gjetteleik.

Wow for ein start!, sa Nicolay Ramm engasjert frå detektivpanelet.

Åtte kjendisar kledde seg opp i heildekkande kostyme, eller rettare sagt masker.

Vi vart kjente med ein urban elg, ein tøff einhyrning, ei søt gaupe, ein snill viking, eit mjukt troll, ein mystisk ramn, ein sexy rosa puddel og eit snilt fugleskremsel.

Silje Nordnes og Elgen - Maskorama

Silje Nordnes og Elgen

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Ingen veit kven dei eigentleg er.

Men ein etter ein, i åtte veker framover, skal dei framføre eit musikalsk nummer på scenen. Kan stemma deira eller andre element avsløre dei?

Og du kan vere med å gjette kven dei er og avgi di stemme her.

Faktisk var det 11 % prosent av det norske folk som gjetta riktig i kveld.

Terje Bjørnrud var ein av dei, og var den som vart plukka ut som detektiv blant publikum.

Ny avsløring kvar veke

Marion Ravn, Nicolay Ramm og Jan Thomas som sit i detektivpanelet skal også gjette kva for kjendisar som skjuler seg bak maskene.

Den av deltakarane som får færrast favorittmarkeringar må ta av seg maska, bli avslørt og er ute av konkurransen.

Detektivane Maskorama

Detektivane Jan Thomas, Marion Ravn og Nicolay Ramm er begeistra etter framføringa til Ramnen.

No er det sju kjendisar att.

Sjå framføringane og reaksjonane under:

1. Elgen – «Get up (I feel like Being a) Sex Machine» (James Brown)

Elgen har vald ein mildt sagt sensuell låt. Om det er ein av karaktertrekka til personen bak er ikkje godt å seie, men det er lov å lure.

Sjølv seier han:

– Eg nyt livet, og liker alt som er gøy.

– Wow for ein start! Sjølvtilliten du nemnde før start, den stemte!, seier Nicolay Ramm

– Når elgen skrik «Sex Machine», då vaknar far her borte altså, roper Jan Thomas.

Jan Thomas tippar at mannen som skjuler seg bak elgen er Stian Blipp, medan Nicolay Ramm trur det er artisten TIX. Kva trur du?

2. Fugleskremselet – «Jovial» (Freddy Kalas)

Er personen som er kledd opp som Fugleskremselet like Jovial som Freddy Kalas, mon tru? Sjølv seier han at han ikkje er ein skummel type, men at han elskar alle dyr.

Marion Ravn spekulerer i om Fugleskremselet er mads Hansen. Jan Thomas trur derimot det er Lars Monsen. Ramm trur i alle fall at det er ein som står på scena for fyrste gong.

3. Einhyrningen: «7 Rings» (Ariana Grande)

Ariana Grandes song handlar om å vere beintøff og få det ein vil ha. Er det også slik for einhyrningen? Før framføringa seier ho:

– Mange har betalt for å sende bilete av meg til krikar og kroker i vårt langstrakte land.

– Eg har alltid likt å gøyme meg bak ei maske. No gler eg meg nok ein gong til å gjere det på nytt, seier ho.

– Dette må vere sjølvaste Märtha Louise!, ropar Jan Thomas.

Nicolay Ramm trur derimot det er Lene Kongsvik Johansen, medan Marion Ravn trur det er modellen Vendela Kirsebom.

4. Ramnen: «Sweet Dreams» (Eurythmics)

Den mystiske ramnen oppfordrar til søte drøymar.

– Etter å ha bygga mine reir over heile verda, og har fått passet mitt påskrive har eg no slått meg til ro i Noreg, seier ramnen før framføringa.

– Dette må vere ei av våre største idrettsgudinner. Det må vere Marit Bjørgen, seier Jan Thomas.

Marion Ravn trur derimot det er Anette Sagen, og Nicolay Ramm gjettar at det er Tomine Harket.

5. Vikingen: «All Around the World» (Justin Bieber)

Som seg høyr og bør har vikingen vald ein beskrivande låt for yrket sitt. Men er dette eit hint, eller ei avleiing?

– Eg elskar å erobre nye verder på, seier personen før han tar til å synge på scena.

– Eg trur dette er Cengiz Al, fortel Nicolay Ramm.

– Eg trur det er Tshawe, repliserer Jan Thomas

6. Puddelen: «Me too» (Meghan Trainor)

Den frekke rosa puddelen har vald den sjølvdiggande låten Me too. Men er personen bak puddelen like sjølvdiggande og frekk i verkelegheita?

– Det er ikkje mange eg ikkje har hatt ved mitt bord, og eg har 60 hundeår, seier det som høyrest ut som ein nordlending.

– Eg trur det er Sophie Elise, gjettar Marion Ravn.

– Er ikkje dette danseband-dronninga vår? Eg seier Jenny Jensen, trur Jan Thomas.

7. Gaupa: «Spice Up Your Life» (Spice Girls)

– Kongen veit godt kven eg er. I mange år har eg vore med å styre min del av den norske skuta på rett kjøl og forsvart vår stoltheit, seier Gaupa.

– Kan det vere ein kaptein på ishockey eller handball. Kanskje det er Mia Hundvin?, undrar Marion Ravn.

– Eg trur det er olympisk meister i segling, Siren Sundby.

Jan Thomas går til eit heilt anna yrkesområde:

– Eg går faktisk for den fantastiske songaren Marianne Antonsen.

8. Trollet: «I Believe in a Thing Called Love» (The Darkness)

Troll er både hata og elska. Dei er av og til skumle, og av og til snille. Dette trollet skal synge om kjærleik. Kan dette tyde på eit mjukt troll?

– Dette må vere ein musikalartist som heiter Heidi Ruud Ellingsen

– Eg går for Mona B. Riise, fortel Jan Thomas.

– Eg veit ikkje, eg veit ikkje. Eg går for Else Kåss Furuseth, men syng ho slik? spør Marion Ravn.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.