– I Norges Pianostemmer og Teknikerforening er me no drygt 60 medlemmer, og gjennomsnittsalderen er over 60 år, seier pianostemmar Bjørn Ola Bakke.
– Ein treng ikkje vera så veldig stor reknemeister for å finne ut at yrket vil døy ut om me ikkje gjer noko, seier han.
- HØYR OGSÅ: Spillerom – Trøkk på norske pianostemmarar
Manglar utdanning
Den einaste utdanninga for pianostemmarar i Noreg vart lagt ned i 2010, og etter dette har det ikkje blitt oppretta ei ny liknande utdanning.
BEHOV: Pianostemmar Bjørn Ola Bakke merkar at det er behov for pianostemmarar i Noreg.
Foto: Kari Nygard Tvilde / NRKBjørn Ola Bakke jobbar for å få fleire kollegaer, og mellom anna med å få tilbake eit utdanningstilbod for pianostemmarar. At det manglar pianostemmarar er nemleg noko som vert godt merka.
– I praksis kan flinke pianostemmarar jobbe døgnet rundt. Til dømes i ferieperiodar for skular, eller før jul, så er det ekstremt mykje å gjere, seier Bakke.
– Det er også litt feil geografisk spreiing på pianostemmarane. Store delar av Noreg er heilt utan. Eg plar seie at halvparten av Noreg sine pianostemmarar bur innanfor Ring 3, og det er nesten sant, seier han.
– Det er ikkje berre å skru litt
Pianist Wolfgang Plagge støttar Bakke i at det trengst utdanning for å få fleire pianostemmarar. Han meiner musikkutøvarar på piano er heilt avhengige av at andre stemmer instrumenta for dei.
AVHENGIGE: Pianist Wolfgang Plagge meiner pianistar er avhengige av det finst pianostemmarar.
Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK– Så lenge det finst klaver, så er me heilt avhengige av at det finst klaver-stemmarar. Dette er ikkje noko me kan gjere sjølv, for det er ikkje berre å skru litt, og så er pianoet i orden, seier han.
For å gi eit bilete på korleis ein konsert blir utan pianostemmarar, så har han valt å spele Griegs a-moll-konsert på eit ustemt flygel.
– Eg sleit verkeleg med å halde meg alvorleg. Ein har eit bilete i hovudet av korleis ein skala skal høyrast ut, og når den vert vrengt så til dei grader som det den gjorde då, så er det faktisk ganske vanskeleg å spele, seier han.
SJÅ OGSÅ:
SJÅ VIDEO: Pianist Wolfgang Plagge demonstrerer kva som skjer når det er mangel på pianostemmarar. Han spelar Griegs a-moll-konsert på eit ustemt piano. Foto: Bill Gystad
– Det hastar
HASTAR: Rektor Peter Tornquist ved Norges musikkhøgskole meiner det hastar å få ei utdanning for pianostemmarar i Noreg.
Foto: Bodil Maroni JensenRektor Peter Tornquist ved Norges musikkhøgskole meiner det er ei nasjonal oppgåve at det blir oppretta ei utdanning for pianostemmarar, og han ynskjer denne til nettopp Norges musikkhøgskole.
– Det har ikkje vore mogeleg å halde fram med ein god, samanhengande utdanning andre stader, så me har no tilbydd departementet å organisere dette sjølv, seier Tornquist.
– Me meiner det hastar å få oppretta ei utdanning ganske snart. Helst i løpet av inneberande studieår, og då gjerne ei høgskuleutdanning der me har plass til fire-fem kandidatar kvart år, seier han.