Supporterane til laget frå Serbia er kjend for å lage bråk. I førre kamp i UEFA-cupen møtte laget frå byen Beograd danske Odense. Fleire hundre supporterar laga i følgje politiet i Danmark bråk.
Onsdag kveld møter Raude Stjerne, Rosenborg i Trondheim i 2 runde i UEFA cupen. Supporterar har allereie truga med bråk i Stiftstaden. No trugar også supporterane musikarane St Thomas som skal halde konsert i Beograd onsdag kveld.
Trugsel på nett
- Vi fekk ein telefon frå ein person som hadde sett trugsmål på Kjernen sine heimesider. Der hadde Røde Stjerne supporteren truga med bråk på konserten i Beograd, dersom Rosenborg vinn kampen, seier Karim Sayed, trommeslager i bandet til St Thomas til Petre NÅ. (også Salvatore, Big Bang)
Trommeslager Sarem Kayed er med på Europaturneen til St. Thomas. Her frå Spelemannprisutdelinga, der han vann i klassa elektronika saman med resten av bandet Salvatore. Foto: Scanpix.
Saman med St Thomas og resten av bandet er Sayed på veg inn i Serbia tysdag kveld, etter å halde konsert i Austerrike måndag.
- Vi skal spele i Beograd onsdag kveld. Eg håper det ikkje vert noko bråk og har tru på at det heile skal gå bra.
Tryggingstiltak
Trugslane har likevel gått inn på bandet. Tysdag formiddag tok ein kontakt med den norske ambassaden i Beograd for å vurdere nærmare kva ein skal gjere.
I følgje Sayed er det aktuelt med politivern både før og etter konserten i Beograd.
Pressetalsmann i Utanriksdepartementet Karsten Kleppsvik seier at dei er i kontakt med serbiske styresmakter.
- Vi har bede om eit møte i samband med denne saka.
- Kor alvorleg ser du på det?
- All form for trugslar må vi ta alvorleg. Vi har difor bede om eit møte for å sjå nærmare på saka.
St Thomas vil helst ikkje la seg intervjue i samband med historia, men vil gjerne leggje til at han IKKJE er Rosenborg supporter. St Thomas er ivrig Skeid-supporter.