Alan Walker frå Fana i Bergen er for tida ein av dei heitaste norske artistane i verda. Berre i Kina er musikken hans strøyma over tre milliardar gonger totalt, ifølgje NTB. Den nye singelen hans, «Diamond Heart», gjekk rett til topps i landet.
– Det kjennest heilt uverkeleg. Når ein ser og høyrer kor mange som lyttar på musikken min her i Kina, er det heilt surrealistisk, seier han til NRK.
Han er i Beijing for å spele for kongeparet i samband med statsbesøket. Og sjølv om han spelt fleire gongar i både Kina og Asia elles den siste tida, var denne konserten spesiell for 21-åringen.
– Det er veldig stas å få spele for kongeparet her i Kina. Eg hadde aldri trudd eg skulle få ein slik førespurnad. Eg er veldig takksam at eg får gjere dette i dette fantastiske bygget.
Alan Walker har hatt enorm suksess i Kina den siste tida. Han møtte kongeparet og fleire hundre gjestar under vennskapskvelden mellom Noreg og Kina i Beijing.
Kasta maska
Walker er kjend for å opptre med maske når han spelar konsertar. Han seier at grunnen til at han brukar maska, er ikkje at han ønsker å gøyme seg, men for å vise at kven som helst kan vere Alan Walker.
– Det er eit image som funkar ganske godt her i Kina. Her er det ganske normalt å gå med maske på grunn av forureininga, så det er ingen som reagerer spesielt på at eg brukar det når eg spelar show.
Alan Walker har enorm suksess i Kina den siste tida, og satsar no tungt i det folkerike landet. Måndag spelte han kongeparet og fleire hundre gjestar under vennskapskvelden mellom Noreg og Kina i Beijing.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpixMen då han og vokalist Julie Bergan møtte kongeparet måndag ettermiddag, tok Walker av seg maska.
– Eg meiner det var naudsynt å gjere det for å vere høfleg og vise respekt for kongeparet.
Satsar på Asia
Suksessen i det mest folkerike landet i verda, har gjort at Alan Walker har satsa spesielt på Kina og Asia den siste tida. Blant anna ved å samarbeide med plateselskapet Liquid State.
– Dei jobbar med å spreie musikken over landegrensene. Dei promoterer europeiske artistar i Asia, og så tek dei med seg asiatiske artistar tilbake til Europa.
- Les:
- Les:
Og han merkar godt at han har ein stor fanbase i Kina. Overalt kor han ferdast, er det store hordar av kinesarar som vil ha ein liten bit av det norske idolet.
– Eg blir ofte møtt av store grupper av fans når eg landar på flyplassen. Dei har ofte stått der i fleire timar for å vente på at eg skal kome. Og så møter dei opp på showa mine. Det er veldig stas, seier han til NRK.
Måndag spelte for kongeparet og fleire hundre gjestar under venskapskvelden mellom Noreg og Kina i Beijing.
- Les: