Rett oversatt tyder Sissy Dogfish stinkande pigghå. Eit namn som kanskje ikkje passar heilt til eit band som kjem frå fiske byen Ålesund.
- Det er utruleg velklingande synst du ikkje det? Robert Fylling (23) humrar i telefon frå Bergen. Han har inga anna god forklaring på kvifor bandet har fått namnet. Saman med Anders Roald (23) og Eskild Midtgaard (23) er dei tre ålesundarane busett i vestlandshovudstaden for å studere og komponere.
Aktivt band
- Det blir lite studium og meir musikk. Det seier seg sjølv i grunn når vi alle tre er opptatt av at fleire skal få vite om Sissy Dogfish. Ålesundsbandet er inne i ei hektisk periode. Våren og sommaren vert brukt til reising.
- Målet er å få flest mogeleg spelejobbar på flest mogeleg studentkroer i haust, forklarer Robert.
- Og det lykkast de med?
- Så langt så har vi ein del å gjere, men eg har god trua.
Robert, Andreas og Eskild er frå Sunnmøre men studerer i Bergen
Haldt på sidan 1995
Historia om Sissy Dogfish startar i Ålesund ein sommardag i 1995. Tre fjortisar ville lage god musikk og byrja å øve aktivt. Sidan den gong har bandet gjeve ut ein sjølvfinansiert cd og skifta ut to av tre.
- Studium og flytting gjorde sitt til at bandet har gått igjennom litt utskiftingar.
- Og no er de aktuell med singel?
- Ja singelen More & More er mogeleg å kjøpe i eit par platebutikkar. Alt vi lagar vert gjeve ut frå eiga kasse. Vi har vore i kontaktar med eit par selskap, men ting er svært uvisst. – Men les nokon frå plateselskapa dette her, så er det berre å ringe poengterer det entusiastiske sunnmørsbandet.