Hopp til innhold

Stoppa Sunday Times

Førre veka vart ei utgåve av Sunday Times fjerna frå aviskioskane i Dubai på grunn av ei karikaturteikning av statsministeren.

Sheikh Mohammed bin Rashed al-Maktum

Statsministeren i Dei sameinte arabiske emirata, Muhammad bin Rashid Al Maktum (midt i biletet), likte ikkje avisteikninga i det Sunday Times.

Foto: NASSER YOUNES / Scanpix/AFP

Denne veka var det ikkje mogleg å få tak i den britiske avisa Sunday Times i Dubai. Årsaka til at avisa vart stoppa var ei karikaturteikning av statsministeren i Dei sameinte arabiske emirata, Muhammad bin Rashid Al Maktum.

Teikninga syner statsministeren drukne i eit hav av gjeld, og i tillegg det ikoniske hotellet Burj al-Arab som søkk i havet.

Eit eingongstilfelle

Burj al-Arab

I karikaturteikninga i Sunday Times søkk hotellet Burj al-Arab i havet.

Foto: AFP PHOTO/KARIM SAHIB

Medierådet i Dei sameinte arabiske emirata meinte av teikninga var ei personleg fornærming, som dei ikkje kunne godta.

Avisa skal ikkje ha vorte forbode for godt, så langt er det berre denne eine utgåva av Sunday Times som er fjerna. Andre utanlandske aviser som har vore kritiske til gjeldskrisa som førre veka ramma Dubai, har vore i sal som normalt.

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP