Hopp til innhold

Suksesserien Bridgerton blir TikTok-musikal

Periodedramaet Bridgerton er ein av dei mest populære Netflix-originalane nokosinne. No gjer popsongar Abigail Barlow han om til musikal – Det er fantastisk!

BRIDGERTON: Hovudrollene Simon (Regé-Jean Page) og Daphne (Phoebe Dynevor).

BRIDGERTON: Hovudrollene i Netflix-serien Bridgerton, Simon (Regé-Jean Page) og Daphne (Phoebe Dynevor).

Foto: NETFLIX

Den amerikanske songaren Abigail Barlow elskar dialogen i Bridgerton. Og kunne ikkje la vere å syngje om historiene og karakterane etter at ho høyrde denne linja:

Du forstår ikkje korleis det er å vere i eit rom saman med nokon du ikkje kan leve utan og så følest det ut som om det er eit hav mellom oss.

Daphne Bridgerton, karakter i serien Bridgerton
MUSIKAL: Artisten Abigail Barlow blei inspirert til å lage musikal då ho såg Bridgerton.

MUSIKAL: Artisten Abigail Barlow blei inspirert til å lage musikal då ho såg Bridgerton.

Foto: Gilbert Carrasquillo / FilmMagic

Ho synest den var utruleg og blei med ein gong inspirert.

– Der har vi ein song! Eg gjekk rett til pianoet, sette opp eit kamera og starta å skrive, fortel Barlow i eit intervju med BBC Radio 4.

Suksesserien Bridgerton

Serien Bridgerton, som kom ut fyrste juledag er basert på historiske romanar skrive av Julia Quinn. Det handlar om ei enke med åtte born som navigerer seg gjennom det turbulente livet i sosieteten i London på starten av 1800-talet.

Dei tre fyrste vekene etter at serien kom ut var det heile 63 millionar hushaldningar som benka seg framføre skjermen for å sjå det fargerike periodedramaet.

Bridgerton er på femteplass over dei mest populære originalseriane på straumetenesta Netflix noko sinne. Den er også på topp-ti-lista i nærare 80 land.

Musikalsong spreidde deg som farsott

Artisten Abigail Barlow forklarer at ho blei inspirert til ein heilt ny level av kreativiteten i Bridgerton. Ho har skrive eigne små stykke som kunne passa inn om Bridgerton var ein musikal.

Simon (Regé-Jean Page) og Daphne (Phoebe Dynevor), den eldste dottera i Bridgerton-familien

FORELSKAR SEG: Simon og Daphne som er den eldste dottera i Bridgerton-familien har eit forhold med mange opp – og nedturar i Netflix-serien.

Foto: NETFLIX

– Dette er noko som hadde passa på ei scene, så då publiserte eg videoen på TikTok som eg brukar å gjere med pop-songane eg lagar.

Låtane har blitt spelt av fleire millionar gongar på TikTok. I kommentarfelta uttrykkjer fleire at dei ønskjer å høyre meir.

Under er Barlow sin eigen musikal-versjon av ei scene i Bridgerton.

Drøymer om musikal

Barlow har inspirert folk verda over til å vere kreative under emneknaggen «bridgertonmusical».

Låten «Burn for You» handlar om kjærleiksforholdet til hovudrollene Simon og Daphne. Til den låten kan andre TikTok-brukarar leggje inn sine eigen vers ved å bruke duett-funksjonen til appen.

@abigailbarlowww

I’m pitchy but I’m having too much fun writing this ✨ #IsThisAvailable #fyp

♬ original sound - Abigail Barlow

No er planen å produsere eigne låtar for karakterane Penelope og Eloise. På sikt drøymer Barlow og samarbeidspartnaren Emily Bear om at det skal bli ein fullskala produksjon.

Dei har store planar om at musikalen kan bli sett opp på Broadway og West End når pandemien er over.

Tidlegare i år blei det laga ein musikalversjon av filmen Ratatouille på TikTok. Etter at den samla eit stort publikum, gjorde dei det om til ein virtuell konsert der dei samla inn om lag 2 millionar dollar til amerikanske skodespelarar.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.