I lang tid har Finn Tokvam førebudd seg til møtet med Arnhild og samla rare sukkerbitar frå utlandet - men han har ikkje fått så mange. Men det har Arnhild Aarheim. Ho er nemleg sukkersamlar, og samlar på sukker i mange variantar, både sukkerbitar, rørsukker og vanlig sukker.
Arnhild Aarheim samlar på sukkerbitar
- Du kan få se kor fine dei er, seier Arnhild medan ho stolt vis frem samlinga si. Arnhild fekk ein pose hos foreldra, og sidan har ho samla på sukkerbitar. No har ho sukkerbitar frå heile verda. Ho delar sukkerbitane i grupper, slik at ho veit kor dei er.
- Eg har rør i ei krukke, avlange i ei anna, og vanlig sukker i ei.
Aarheim vis fram sukkerbitane over heile stuebordet. Den siste ho har skaffa seg er signert av Herman Friele.
- Eg spurte om han ikkje kunne signere, og det gjorde han. Han hadde aldri høyrd om noken som samla på sukkerbitar før.
Sukker i mange variantar, både sukkerbitar, rørsukker og vanlig sukker.
Klikk på lenka i medieboksen over, så får du høyre Finn Tokvam snakke med Arnhild Aarheim. Vetle-Ivar stiller sjølvsagt med faktaboksar, og fortel blant anna kva sukkeret kan brukast til.
Norgesglasset NRK P1 15.01.04